NRK Meny

22-åring dømt for overgrep mot søstera

Ein 22-åring frå Sunnmøre er dømt for å ha tvinga seg til samleie med søstera ved å bruke vald og truslar.

Romsdal tingrett, Magne Nyborg

april i år vart 22-åringen frifunne i Romsdal tingrett. Han vart dømt i Frostating lagmannsrett i desember.

Foto: Øyvind Johan Heggstad

Artikkelen er mer enn to år gammel.

Han vart i januar i år tiltalt for å ha brukt vald og ha oppført seg truande mot søstera si for å skaffe seg seksuell omgang.

I april i år vart 22-åringen frifunne i tingretten, men saka var anka.

I Frostating lagmannsrett vart han i desember dømt til 410 timar samfunnsstraff som må vere gjennomført innan eitt år og ni månader. Den subsidiære fengselsstraffa er to år og seks månader – som er alternativet viss ikkje samfunnsstraffa vert gjennomført. Han må også betale 150 000 kroner i erstatning.

Den 18 år gamle jenta melde både broren og mora for valdtekt og vald. Mora blei dømt til fengsel i åtte månader for vald og trugslar mot dottera sin, frå 2003 til 2009.

Mora måtte også betale 50.000 kroner i erstatning. Jenta kom frå sitt opphavlege heimland i 2002, og busette seg då saman med broren, mora, og hennar daverande norske mann.

Formildande

I dommen står det at overgrepa utført av broren skjedde frå september 2007 til sommaren 2008. I dommen står det at mannen fekk ikkje fengselsstraff fordi han var berre 15 då overgrepa skjedde. Søstera hans var 12 første gongen.

Søskena skal ikkje ha hatt så mykje med kvarandre å gjere i oppveksten. Dei budde ulike stader, og hadde berre ein felles forelder.

Retten fann det også formildande at 22-åringen ikkje hadde fått skadar etter overgrepa sidan jenta hevdar å ha brukt makt for å få han vekk. Jenta var heller aldri undersøkt av helsepersonell, og saka vart liggande hos politiet lenge. No er ho under behandling ved traumesenteret ved St. Olavs Hospital.

Men dommarane syns jenta forklarte seg truverdig, og difor blei utfallet eit anna no enn sist gong saka var oppe i retten.

Siste video/lyd

Mange geitebønder i landet vil ha den elektriske geiteklaven til Gjemnesbedrifta Nofence. Produksjonen pågår for fullt, men geiteklaven er enno ikkje godkjend. Gründerbedrifta treng beitesesongen 2017 for å gi Mattilsynet dokumentasjonen dei krev.
Dei fleste har meir enn nok med å SJÅ utfor kanten på den hundre meter høge Zakariasdammen i Tafjorden på Sunnmøre.
Men det finst folk som vil betale for å få seg ein luftig tur. Og frå neste veke av kan dei gjere akkurat dét...
Fiskesperra som skal redde den nasjonale lakseelva Driva, blir slakta av ekspertar på behandling av gyrosmitte. Miljødirektoratet er ansvarleg for prosjektet til seksti millionar kroner. Dei meiner det trengst berre små justeringar.