Hopp til innhold

21-åring død på Åndalsnes - ein pågripen

Ein 21 år gammal mann frå Åndalsnes døydde utanfor Åndalsnes samfunnshus i Rauma i natt. Ifølge politiet er dødsårsaka ukjent, men ein 23 år gammal mann frå Rauma er pågripen.

Politiet på plass ved samfunnshuset på Åndalsnes

Politiet har stengt av området ved samfunnshuset på Åndalsnes.

Foto: Ottar Rydjord

Politiet fekk i 03.30-tida melding om ei hending ved samfunnshuset, der det var eit arrangement. Det er starta etterforsking for å finne årsaka til dødsfallet og om det er ein samanheng mellom den hendinga den sikta er pågripen for og dødsfallet.

Kjell O. Moen

Kjell O. Moen er etterforskingsleiar

Foto: Erik Hattrem

Det er politioverbetjent og etterforskingsleiar Kjell O. Moen ved Molde politistasjon som leiar etterforskinga.

Forsøk på gjenoppliving

Ambulanse ved Samfunnshuset på Åndalsnes

Politiet ber dei som var på Samfunnshuset om å melde seg.

Foto: Ottar Rydjord

Operasjonsleiar Kjell Biesmans seier at det er svært tidleg i saka, men at dei veit at den døde blei funnen ute. Det blei gjort forsøk på gjenoppliving, men etter ei tid blei 21-åringen erklært død.

På staden kom det raskt fram opplysningar om at ein 23-åring kunne knytast til ein konfrontasjon med 21-åringen. Politiet kan førebels ikkje seie kva denne konfrontasjonen inneber, men ifølge Åndalsnes Avis har det vore ein slåsskamp mellom dei to.

Politijuristen sit i formiddag og set seg inn i saka, og den formelle siktinga mot 23-åringen er difor førebels ikkje skriven. Den er venta klokka 14 i ettermiddag. Ifølge politiet er det bedt om at den døde skal bli obdusert.

Det er sett i gang kriminaltekniske undersøkingar og taktisk etterforsking. Saka blir etterforska i samarbeid mellom Molde politistasjon og Rauma lensmannskontor.

Ber publikum melde seg

Samfunnshuset på Åndalsnes

Det er sett i gang etterforsking etter at ein 21-åring døydde ved Samfunnshuset på Åndalsnes

Foto: Ottar Rydjord

Politiet ber alle som var på samfunnshuset om å melde seg. Det same gjeld personar som har observasjonar eller har annan informasjon som kan vere relevant for etterforskinga.

– La politiet avgjere kva som er relevant informasjon, så det er betre at for mange melder seg enn for få, seier Biesmans.

Lars Olav Hustad

Rauma kommune tilbyr krisehjelp til dei ramma.

Foto: Synnøve Hole / NRK

Ifølge NRK-reporter Gunhild Sætre, som er på staden, skal det ha vore eit lukka russearrangement på Samfunnshuset. Dette arrangementet var slutt då konfrontasjonen mellom 21- og 23-åringen skjedde. Verken den døde eller den sikta var russ, og det er uklart om dei berre var i nærleiken av Samfunnshuset.

Dødsfall på Åndalsnes

Politiet fann den døde ute, og det er uklart om han hadde noko tilknytning til arrangementet på Samfunnshuset.

Foto: Remi Sagen / NRK

Opnar kulturhuset

Ordførar Lars Olav Hustad fortel at den kommunale omsorgsgruppa har starta sitt arbeid. Kommunen tilbyr også krisehjelp til dei som har blitt ramma.

Frå og med i føremiddag opnar også kulturhuset på Åndalsnes, slik at dei som ønskjer å ha ein samlingsplass kan gå dit.

Åndalsnes