Ei spørjeundersøking Språkåret 2013 og Nynorsk kultursentrum gjennomførte i 2012 og 2013, syner at endå fleire enn før har eit positivt inntrykk av Ivar Aasen.
Positive til fleire språk
Fleire har teke stilling til spørsmålet om nynorsk og bokmål framleis skal vere jamstilte språk i Noreg, og fleire synest det er positivt at Noreg blir eit meir fleirspråkleg samfunn, skriv Nynorsk kultursentrum i ei pressemelding måndag.
– Vi hadde 39 % fleire gjester enn i 2012, inntektene auka med like mange prosent, vi var til stades i heile 54 kommunar med arrangement eller utstillingar, og vi gav ut fleire store publikasjonar enn nokon gong før. Ingen kan rekne med at dette blir vanleg i åra framover, seier Grepstad.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
For eit år sidan sa Nynorsk kultursentrum at målet ved neste årsskifte er at mange skal vite meir og tenkje annleis om språk i Noreg enn dei gjer i dag.
– Det slo til, seier Grepstad.
Artikkelen held fram under biletet ..
Ivar Aasen-tunet fornya
I 2013 fullførte Ivar Aasen-tunet ei fornying av basisutstilling.
– Utstillinga byd no på meir om språk i heile verda og om nynorsk gjennom nye opplevingar for fleire sansar. Vi har utvida utstillinga både i breidda og djupna på det same arealet, seier dagleg leiar Gaute Øvereng i Ivar Aasen-tunet.
Frå Ivar Aasen-tunet kom det i 2013 både ei ny temautstilling om Ivar Aasen, ein biografi som blei trykt i tre opplag, ein bibliografi over Ivar Aasens publiserte skrifter, og både bøker og andre skrifter om språk.
– Det faglege aktivitetsnivået har vore høgt lenge, men aldri har vi gjort meir enn i Språkåret 2013, seier Øvereng.
Inntektene til Nynorsk kultursentrum auka med 38 prosent til vel 33,3 millionar kroner, gjestetalet steig med 39 prosent til 30 300, og institusjonen gjennomførte arrangement eller utstillingar i 54 kommunar i 15 fylke – dobbelt så mange kommunar som året før.