Hopp til innhold

2000 besøkande på Go-cart bane

Så langt i år har han hatt 2000 besøkande på Go-cart bana på Leikongeidet om lag på grensa mellom Herøy og Sande. Ingbjørn Husøy har det siste året drive bana for NMK Sunnmøre (Norsk Motorklubb). Han gler seg over tala og ser fram til sommarsesongen.

Suksess for Go cart på Leikong

Suksess for Go cart på Leikong.

Ingbjørn Husøy

Ingbjørn Husøy driv Go cart bana på Leikongeidet.

Foto: Arne Flatin / NRK

Det er ikkje det store området dei har å boltre seg på, men det er stort nok. Dei lette bilane kan meistrast av kven som helst. I konfirmantgruppa frå Herøy frikyrkje, som er der denne dagen, er det mange som aldri har køyrd tidlegare.

Det kriblar litt i magen når dei gjer seg klar. Det er litt regn i lufta etter mange dagar med solskin. Det gir ekstra utfordringar når bana er våt. Instruktør Ingbjørn Husøy er nøye når han går gjennom rutinane med ungdomane og dei to vaksne som også er med i gruppa.

Fin flyt

Fem og fem køyrer saman, slik at det ikkje er for mange på bana samtidig. Etter litt plunder med eit par av bilane kjem alle seg i gang, og har fin flyt i køyringa. Nokre torer å bruke litt meir fart enn andre og det gir utfordringar i svingane.

Theodor Kopperstad

Theodor Kopperstad.

Foto: Arne Flatin / NRK

Etter første runde er det tydeleg at ungdomane storkosar seg. Emma Nærø Pettersen og Theodor Kopperstad får av seg hjelmane med litt hjelp og kan fortelje til NRK at fart og spenning var dei to viktigaste ingrediensane etter den aller første turen rundt bana. Dei synest begge det er kjempeartig å køyre trass i at bana er våt og forholda er noko prega av surt og kaldt sommarver.

Emma Nærø Pettersen

Emma Nærø Pettersen

Foto: Arne Flatin / NRK

Bana på Leikongeidet i Herøy har fått auka besøk, ikkje minst fordi dei har gjort seg meir synlege på sosiale media den siste tida. Det seier Ingbjørn Husøy. Dei har stort sett ope på ettermiddag og kveld. Det er lite behov for å ha ope bana på dagtid.

Ofte er det grupper som bestiller plass. Andre gonger kjem familiar eller enkeltpersonar. Eit rom med ein del sitteplassar og servering gjer at dei fleste trekker inn der mellom køyreturane. Denne gongen køyrer ungdomane i 10 minutt før dei tek pause og så er det nye runder etterpå.