Hopp til innhold

Over 20 barn meldt sakna på halvanna år

Over 20 barn er meldt sakna frå Asylmottaket i Sunndal i løpet av eit halvanna år. Dei fleste som forsvinn har fått avslag på asylsøknadene sine.

Øystein Rolandsen Sunndal Asylmottak

Øystein Rolandsen er leiar av avdelinga for einslege mindreårige asylsøkjarar. Her står han utanfor Sunndal asylmottak kor over 20 barn har rømt frå sidan 2012.

Foto: Tore Våren ved Sunndal Asylmottak

Mottaksavdelinga for einslege mindreårige asylsøkjarar i Sunndal har meldt over 20 barn sakna sidan starten av 2012, og dei fleste blir aldri funne igjen, skriv Tidens Krav i si papirutgåve torsdag.

Nordmøre og Romsdal politidistrikt hadde 8,2 prosent av forsvinningssakene i Noreg i fjor. I tillegg er seks barn frå asylmottaket meldt sakna hittil i år.

Dei fleste som forsvinn har fått avslag på asylsøknadane sine. Dei får ikkje lov til å vere i landet, eller dei får eit midlertidig opphald til dei er 18 år. Då må dei returnere.

– Dei kjenner situasjonen, at det er stor sjanse for at politiet henter dei, så då stikk dei heller av, seier Øystein Rolandsen ved asylmottaket til avisa.

Rolandsen meiner det er ein tragisk situasjon at mindreårige barn forsvinn.

– Men det er ikkje vanskeleg å forstå dei, seier han til avisa.

Regjeringa drøftar

Tove-Lise Torve i justiskomiteen til Ap

Tove-Lise Torve i justiskomiteen til Arbeiderpartiet.

Tove Lise Torve (Ap), som er på Mørebenken i Stortinget og sitt i justiskomiteen seier til NRK at situasjonen er trist og vond.

– Det som gjer det ekstra vondt er at vi er redde for at desse borna blir fanga opp av kriminelle nettverk, seier Torve.

I regjeringa har dette vore eit samtaleemne lenge, og det har vore diskutert ulike tiltak som kan gjerast for å betre situasjonen.

– Ein har drøfta om mottaksavdelingar for einslege mindreårige asylsøkjarar bør bli drive av barnevernet, seier Torve til NRK.

Dette inneber at barnet blir heldt tilbake som ved ein barneverninstitusjon dersom dei får avslag på søknaden.

Vil stikke av uansett

Politiet vil deretter transportere vedkommande tilbake til heimlandet. Men regjeringa er usikker på om det er den rette løysinga.

– Problemet då er at dei mest sannsynleg berre vil stikke av til andre land uansett. Dermed er ein like langt, fortel Torve.

Politiet kunne prioritert høgare å etterforske desse forsvinningane, legg Torve til. Ho meiner og at lokalbefolkninga kunne engasjert seg meir.

– Det er like viktig å finne igjen desse ungdommane som våre egne barn.

Torve meiner det ikkje er noko asylmottaket gjer feil sidan det er så mange som forsvinn derifrå.

– Det er gode og flinke folk som jobbar der. Alt drivast veldig godt. Asylmottaket i Sunndal scora høgt på alle målebarrometer, avsluttar Torve.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL