Hopp til innhold

Då hus og gardar vart raserte

Sjølv om stormen Dagmar har herja i romjula, var den ikkje like sterk som nyttårsorkanen for 20 år sidan.

Eldar Lade

Eldar Lade fekk øydelagt huset sitt under orkanen i 1992.

Foto: Brede Røsjø / NRK

Orkan 1992

Nyttårsorkanen 1992 førte til store skadar mange stader.

Foto: NRK
Orkan 1992

Mange hus vart øydelagde, som her i Gjerdsvika.

Foto: Alf-Jørgen Tyssing / NRK

20 år er gått sidan nyttårsfeiringa fekk ein uventa slutt.

Klokka 04 natt til 1. januar 1992 slo det kraftige uveret inn mot land, først i Nordfjord og seinare på dagen heilt opp til Nord-Trøndelag.

Sjå Oddgeir Bruaseth sitt program om nyttårsorkanen i kveld på NRK2 kl 20.45

Sterk vind

Orkan startar på vindstyrke 64 knop. På Vigra vart vinden målt til heile 120 knop. Langs heile kysten gjorde orkanen store øydeleggingar.

Store gjenstandar flaug i lufta, skip gjekk på grunn og hustaka vart flerra av.

Sjå også:

Video ORKAN-RETRO-080192-MR-085220-SI_MR.mp4

Orkanen i 1992 – tilbakeblikk

Enorme skader

Bygder vart lagt i ruin, gardar rasert. Orkanen gjorde skade på mellom 50. og 60.000 bygningar. Nærare tre millionar kubikkmeter med skog vart øydelagt.

LES ÒG:

Uhyggjelege brøl

Bygda Rovde på Sunnmøre var ein av dei stadane der flest hus vart skadd.

Kort tid etter orkanen fortalde Eldar Lade til NRK korleis han opplevde uveret, som øydela huset hans.

– Det byrja å brøle uhyggeleg i skogen. Den lyden går ikkje an å beskrive. Du kan sjå for deg en hærskare av demonar retta mot deg, sa Lade i 1992. Han og yngstesonen klarte å berge seg i sikkerheit i trappehola, før taket vart reve av.

Miste livet

Eit liv gjekk tapt i sjølve orkanen, og under oppryddingsarbeidet etterpå, var det endå fleire som miste livet.

Fordi det var nyttårshelg var beredskapen liten.

Redda seg ut

Ved Atlanterhavsvegen på Nordmøre sat John Arne Selnak åleine i den vesle bompengestasjonen. Då vinden blas inn vindauget, søkte han ly under bordet for ikkje å bli treft av stein og glasbrot som kom inn.

John Arne Selnak

John Arne Selnak måtte søke tilflukt under orkanen

Foto: NRK

– Eg har aldri vore redd før, men då følte eg meg liten, fortalde han til NRK etter orkanen i 1992.

Då veggane på bua byrja å bule, måtte han berre sparke ut resten av vindauget og kome seg ut av bygget. Han sprang over til garasjen og tenkte at der var han trygg. Men ikkje lenge etterpå, vart taket flerra taket av.

Nytt uver

– Eg kom meg velberga frå det og tenkte aldri at det var fare for livet, seier Selnak til NRK i dag. No i romjula var han på jobb på ein slepebåt i Hordaland, og han hadde heile tida kontakt med familien heime i Molde for å sjekke korleis det gjekk med dei.

– Når eg såg på tv korleis stormen Dagmar herja, gjekk tankane til 1992, seier Selnak. Redd vind og uver har han likevel ikkje blitt.

200 år mellom

Nyttårsorkanen 1992
Foto: met.no

Meteorologisk institutt har rekna ut at ein så kraftig orkan statistisk sett berre skjer kvart 200. år.

– Men vi kan ikkje vite når det vil skje neste gong, seier Knut Idem. Han er seksjonsleiar ved klimatenestenavdelinga hos Meteorologisk institutt.

Betre varsling

Det er mykje som var likt mellom uveret i romjula 2011 og nyttårsorkanen i 1992. Men ein ting var forskjellig og det var varslinga i forkant.

– I dag har vi gode system for å varsle ekstremvêr. Då skal alle som har ansvar for beredskapen, slik som fylkesmenn, politi og redningssentral varslast, seier Idem.

Nyttårsorkanen i 1992 vart berre varsla gjennom den vanlege vêrmeldinga på fjernsyn.