Oddgeir Bruaset og medarbeidarane hans har besøkt Nils Storås. Han bur på ein høgtliggande gard, med fritt utsyn til ferjene som går fram og til bake over fjorden.
Storås er ein liten oskeladd, i den forstand at han tek vare på alt og kastar ingenting. I eit kaffiglas har han til dømes både binders, skruar og knappenåler.
No har vi trekt ein vinnar. Og vi er dermed klare til å avsløre svaret. Du ser svaret i denne videoen:
ADVENTSKALENDER. Svar på 2. oppgaven.
Takk til alle som svarte. Vi har trekt ein vinnar. Det er Oddgeir Reinfjell frå Leirfjord. Han får tilsendt eit eksklusivt «Der ingen skulle tru»- krus, som blir laga på garden til Per Bjørvik.