Hopp til innhold

Tancred (2) redda familien frå brann

Brannvesenet rosar den to år gamle guten som vekte faren då det braut ut brann i huset.

Tancred Løvold

To år gamle Tancred Løvold blei den store helten etter brannen i Vanylven fredag morgon.

Foto: Vanylven brann og redning

Tidleg fredag morgon fekk brannvesenet i Vanylven kommune på Sunnmøre melding om ein brann i ein einebustad. Inne i huset låg Ole Johnny Løvold og dei to barna Seline (9) og Tancred Løvold (2) og sov.

– Vi berga oss ut i siste liten. Vi blei vekt av 2-åringen. Det flamma opp då vi stod utanfor vindauget vi klatra ut av, så det var så vidt det gjekk godt, skriv far Ole Johnny Løvold om hendinga på Facebooksida si.

Sprang til faren

For medan faren og søstera sov trygt i sengene sine, vakna Tancred og fekk varsla om det som var i ferd med å skje.

– Eg vakna av at han kom hylande mot døra mi. Eg er veldig glad for at han sprang til meg i staden for å gøyme seg, slik eg har høyrt born kan gjere i slike situasjonar, seier Løvold.

Han fortel at sonen ikkje har så mykje språk enno, men det likevel var lett å forstå kva som var på ferde.

– Det går mest i «mø» og «bæ», men eg kjende lukta av brann, og fekk sonen min raskt ut vindauget, fortel han.

Deretter vekte han dottera og berga ut henne også. Då dei alle var trygt ute, høyrde dei eit brak, og såg eit inferno av flammar innanfor vindauget.

Brann Vanylven

Huset blei totalskadd i brannen fredag.

Foto: Tanja Anett Thunem / Synste Møre

Alle er fysisk uskadde, men huset er totalskadd.

– Eg er så glad som ein kan bli for at han vekte meg. Det hadde truleg ikkje vore meir om han ikkje kom, for ingen av brannvarslarane våre løyste seg ut.

Familien bur no til vanleg i Bodø, men hadde planar om å flytte attende til huset sitt i Vanylven etter kvart. Difor var nesten alle tinga deira også der – truleg kan ingenting bergast.

Det var Dagbladet som først omtalte saka.

Får skryt av brannvesenet

Då brannvesenet kom fram til staden var huset allereie overtent. Dei er mektig imponert over innsatsen til Tancred.

Seline (9) og Tancred Løvold (2)

Seline (9) og Tancred Løvold (2) fekk i etterkant av brannen besøke brannstasjonen.

Foto: Vanylven brann og redning

– Toåringen er grunnen til at det ikkje gjekk tre liv i Vanylven den dagen, seier John Sindre Kragset, innsatsleiar i Vanylven brann og redning.

Allereie i ambulansen fekk Tancred ein Bjørnis-bamse som takk for innsatsen. Brannbamsen Bjørnis er eit hjelpemiddel som blir brukt i kontakt med barn som er utsett for brannar og andre ulykker. Kragset fortel at det var ei spesiell oppleving å kunne gi bamsen til toåringen.

– Det er ei dramatisk oppleving, spesielt for barn, når ein får brannen så tett på som dette. Heldigvis fekk minstemann varsla slik at alle kom seg ut. Dette kunne verkeleg gått skikkeleg gale, seier Kragset.

Det er så langt uklart kva som er årsaka til brannen, men brannvesenet håper å kunne undersøke branntomta onsdag.