Hopp til innhold

1,3 millionar i straffegebyr

Sjukeheimskutt i Kristiansund har ført til ein sterk auke i talet på pasientar som ikkje vert henta ut av sjukehuset etter endt behandling. Dermed får kommunen 1,3 millionar kroner i straffegebyr.

Sjukeheimskutt i Kristiansund har ført til ein sterk auke i talet på pasientar som ikkje vert henta ut av sjukehuset etter endt behandling. Dermed får kommunen 1,3 millionar kroner i straffegebyr.

VIDEO: Tomme sengar på sjukeheimane gir fulle sengar på sjukehusa i Kristiansund.

Sparetiltaka til Kristiansund kommune gjer at talet på liggedøgn for pasientar som er ferdig behandla ved sjukehuset har auka med 150 prosent.

Berre sidan sjukeheimskutt vart vedteke i april, har kommunen brukt over 1,3 millionar kroner i straffegebyr til helseføretaket.

Unødvendige liggedøgn

Hans Christian Ofstad

Klinikksjef Hans Christian Ofstad seier innsparinga til Kristiansund kommune kan gå ut over andre pasientar ved Kristiansund sjukehus.

Foto: Eirik Haukenes / NRK
Kjetil Leirbekk

Konstituert kommunalsjef i Kristiansund kommune, Kjetil Leirbekk, seier løysinga er midlertidig.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

Frå mai har Kristiansund sjukehus hatt ein markant auke i talet på liggedøgn for utskrivingsklare pasientar og det samanfell nøyaktig med vedtaket om å stenge fleire sjukeheimsplassar i Kristiansund.

– Vi har hatt ein auke på talet på ferdigbehandla og utskrivingsklare pasientar i mai, juni og juli, seier klinikksjef ved Kristiansund sjukehus, Hans Christian Ofstad, il NRK.

Han ønskjer ikkje å meine noko om dette er ein konsekvens av at kommunen har spart pengar, men tal NRK har henta inn, viser at talet på unødvendige liggedøgn auka frå i snitt 40 i månaden til over 100 rett etter kuttvedtaket vart gjort.

Konstituert kommunalsjef i Kristiansund kommune, Kjetil Leirbekk, vedgår at dei ser ein viss auke, men håper dette er ein overgangsfase.

– Planen er å omstrukturere sjukeheimane våre og opne store helsehus. Då vert vi i stand til å ta ut pasientar på nivå med det vi gjorde tidlegare.

Formannskapet i Kristiansund

Formannskapet i Kristiansund vedtok i dag kuttplanen på nytt.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

Ny sjukeheim utsett

På dagens formannskapsmøte vedtok politikarane å stå ved kuttplanen for helse frå april. Kutt som på tre månader har gitt over 750.000 kroner i auka gebyr til helseføretaket.

Kjetil Leirbekk seier dei likevel sparer på desse kutta.

– Det er klart vi sparer pengar på kutta. Likevel er eit døgn på sjukehus dyrare for oss enn eit døgn på sjukeheim, så vi har som formål å få flytta pasientane ut så raskt som mogleg.

Det kan verte først når heile den nye sjukeheimen vert teken i bruk, men det er utsett til neste år på grunn av den dårlege kommuneøkonomien.

I mellomtida må sjukehuset ta seg av pasientane. Klinikksjef Hans Christian Ofstad håper dette ikkje vil vare noko lengd.

– Akkurat i sommar har det ikkje skapt dei store problema for oss, men dersom dette er ein trend som held fram, vil det gå ut over andre pasientar som kan verte tatt inn.