Hopp til innhold

19 kviger rømte frå beite i Gjemnes

Bøndene måtte etterlyse 19 kviger etter at dei rømte frå beite i Osmarka i Gjemnes i løpet av natta. Onsdag ettermiddag kom endeleg alle kvigene til rette.

Rømte kviger kom hjem

Alle dei 19 ungdyra fann sjøl vegen tilbake til garden etter meir enn 12 timar på rømmen

Foto: Gunnar Sandvik/NRK / NRK

Bonde Anne Katrine Jenssen måtte etterlyse dyra sine då ho ikkje fann dei att onsdag morgon.

Økobonde Anne Katrine Jensen

Bonde Anne Katrine Jenssen har leita etter kvigene sine i heile dag.

Foto: Gunnar Sandvik/NRK

– Det er ikkje noko kjekt å vakne opp til at dyra på beite er borte, seier Jenssen. Då dei la seg rundt midnatt var det stille og roleg ute. Dyra låg berre hundre meter nedanfor huset og hadde rikeleg med grønt gras å ete og tilgang til vatn.

Jenssen sa onsdag morgon at ho trudde kyrne truleg hadde tatt riksvegen mot Angvik og drege til skogs.

Kvige og Even Nilsen

Son på garden, Even Nilsen, saman med ei av kvigene på garden. Onsdag morgon var 19 kviger sakna.

Foto: privat

Uskadde

Tre personar starta å leite etter dyra i dag tidleg etter at dei fekk tekstmelding om at kvigene var observert på vegen.

Etter å ha leita heile onsdagen, kom tre av kyrne attende like før klokka 16:00. Om lag to timar seinare kom dei siste 16 ned frå fjellet sjølve og heim til garden. Då hadde kvigene hatt seg ein fleire kilometer lang luftetur.

Alle kvigene er uskadde.

SJÅ VIDEO: Bonde Kenneth Høyning og hunden Zita søker etter dei 19 ungkyrne som rømte frå beite på gården i natt.

Created by InfoDispatcher