Hopp til innhold

Vard permitterer 180 tilsette

Det er kontrakttørke i skipsindustrien. I Vard-konsernet er 180 tilsette permitterte.

Søviknes Verft

Søviknes Verft i Haram og andre verft i Vard-konsernet opplever tøffe tider.

Mange er spente på kva som skjer. Nedgangstidene i oljesektoren får store konsekvensar for industrien på Nordvestlandet. Vard-konsernet opplever at dei nye ikkje får kontraktar.

– 180 tilsette er permitterte eller får permitteringsvarsel no. Kommunikasjonsdirektør Hege Akselvoll i Vard seier til NRK at dei nesten kontinuerleg har møte med tilsette.

Totalt har dei 1800 på lønningslista her i landet.

Kan bli fleire permitteringar

Informasjonssjef Hege Akselvoll i Aker Yards.

Hege Akselvoll i Vard ser ikkje bort frå at det kan bli endå fleire permitterte.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen, NRK

– Vi er avhengige av nye kontraktar. Om desse ikkje kjem, må vi permittere endå fleire, seier Akselvoll.

Det er høgst usikkert kor lenge folk blir ute av arbeidslivet. Eldre tilsette har fått melding av om at dei kan få gå av når dei er 62 år, dersom dei ønskjer det. Dei dårlege tidene fører også til at det blir mindre behov for innleigd arbeidskraft.

Kommunikasjonssjefen fortel at Vard-verfta har arbeid – både i år, neste år og året etter. Men det er få oppdrag. Vanlegvis blir fleire skip bygde samtidig ved kvart verft. No er det langt mindre å gjere.

Det er fallet i oljeprisen og lågare aktivitet som slår hardt ut også for verfta.

(Saka fortsett under bilete)

STX OSV Langsten

Vanlegvis blir fleire skip bygd parallelt ved verfta. No blir det ikkje så trongt om plassen.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

Spente tilsette

– Vi har hatt finare dagar. Folk er spente, og urolege for arbeidsplassane sine, seier Arne Ottar Rogne, hovudtillitsvald i Vard.

Arne Ottar Rogne

– Det blir verre og verre for kvar månad som går, seier hovudtillitsvald Arne Otto Rogne i Vard.

Han fryktar at dei dårlege tidene kan vare utover sommaren og hausten.

– Det blir verre og verre for kvar månad som går. Men vi kan ikkje miste trua.

Dersom det kjem nye kontraktar no, går det uansett minst eit heilt år frå arbeidet med skroget startar i Romania til det kjem til eit verft på Nordvestlandet.

Eldre sluttar frivillig

Ifølge Rogne har fleire tilsette over 62 år sagt ja til å gå av, men han har ikkje oversikt over kor mange.

Vard prøver å løyse utfordringane ved å flytte folk mellom dei mange verfta sine. Når det har vore lite å gjere på Aukra, har tilsette derfrå vore flytta over til Langsten i Tomrefjord og i Søvika i Haram.

(Saka fortsett under bilete)

STX OSV Langsten

Vard-verftet ved Langsten i Tomrefjord har tatt imot tilsette ved Vard Aukra når det har vore lite å gjere på Aukra.

– Om ikkje marknaden endrar seg, og vi ikkje får fleire kontraktar må vi permittere endå fleire, seier Hege Akselvoll.

– Kor lenge varer dei dårlege tidene, trur du?

Torill Ytreberg

Regiondirektør Torill Ytreberg i NHO trur arbeidsløysa kjem til å auke i tida som kjem.

Foto: Remi Sagen / NRK

– Det er umogleg å seie. Vi må ha trua på at dei gode tidene kjem tilbake. Men kor raskt det går er umogleg å seie, seier kommunikasjonsdirektør Hege Akselvoll i Vard til NRK.

Fleire blir arbeidslause

Regiondirektør Torill Ytreberg i NHO trur arbeidsløysa kjem til å auke i dei komande vekene og månadene.

– Det er tøffe tider. Men det er ikkje heilsvart. Vi vil ikkje rope om krise for tidleg. Vi har opplevd slikt før, og ting snur fort, seier Ytreberg.