NRK Meny

18 måtte rømme frå båtbrann

Brannen ombord i ein båt ved Subsea 7 sitt anlegg på Vigra er sløkt. 18 personar var i båten, og to personar har fått i seg røyk og er sende til sjukehus med ambulanse. Politi og brannvesen er på staden for å drive med etterarbeid og starte undersøkingar for å finne brannårsaka.