18-åringar miste førarkortet

To førarar på 18 år miste førarkortet i ein trafikkontroll på E39 ved Håheim i Skodje. Den eine føraren køyrde i 113 kilometer i timen i 70-sona. Den andre køyrde også for fort og miste førarkortet etter å ha fått for mange prikkar. I tillegg fekk to personar forenkla førelegg på grunn av for høg fart og åtte for mobilbruk.