Hopp til innhold

18-åringar lever ut fiskardraumen på Lofothavet

To 18-åringar frå Otrøya på Romsdalskysten har vald seg ein leveveg stikk i strid med dei aller fleste norske ungdommar.

Dei har vald seg ein leveveg stikk i strid med dei aller fleste norske ungdomar. Like over nyttår tok 18 år gamle Kjartan Nygård med seg ein tidlegare klassekamerat på vinterfiske i nord i eigen sjark. Dei to ungdomane skal fylle ein kvote på over 90 tonn. I dag er det berre eit par hundre fiskarar av totalt 10 000 som er under 20 år.

18-åringane på fiske i Lofoten.

I dag er det berre eit par hundre fiskarar av totalt 10.000 som er under 20 år.

Like over nyttår drog kameratane Kjartan Nygård og Kristoffer Reiten på vinterfiske i nord i eigen sjark.

– Det er jo dette eg har drive med sidan eg var liten, og eg har vore fast bestemt på å gjere dette sidan, seier Kjartan Nygård.

I midten av januar gjekk dei nordover til Senja og har vore på vinterfiske i nøyaktig to månader når NRK mønstrar på.

– Det har jo vore fint eigentleg, men spesielt når det er godt fiske. Når det er lite fiske er jo det ikkje særleg artig, seier Kristoffer Reiten.

Dei to ungdomane skal fylle ein kvote på over 90 tonn.

To av få

18-åringar på Lofotfiske

Dei to har vore på sjarken sidan januar og har fiska halve kvoten på 90 tonn.

Foto: Roar Strøm

Tall frå Fiskeridirektoratet viser at knappe 10 000 satsar på et yrke som fiskar.
Bare 220 av dei er under 20 år.

Frank A. Jenssen

Frank A. Jenssen.

Foto: Roar Strøm

Frank A. Jenssen har følgt lofotfiskarane ei årrekkje.

– Det er ikkje «berre berre» å bli fiskar. Du skal ha store kunnskapar. Det er mykje som du ikkje lærer på skulebenken i løpet av eit år eller to, seier Jenssen.

– Kor viktig er det at unge kjem inn?

– Det er heilt avgjerande. Det seier jo seg sjølv. Elles blir det heilt stopp i heile greie. Det er skummelt at for få unge slepp til i fiskebåten, seier Jenssen.

Før påske kunne dei to notere seg at halve kvoten på 90 tonn er levert og rundt ein halv million kroner innkassert.

Lofotfiske

Dei to 18-åringane frå Otrøya i Misund trivast best på sjøen.

Foto: Roar Strøm