18-åring gjekk under vatn

Ei kvinne i 18-årsalderen blei frakta til sjukehus seint i går kveld, etter at ho gjekk under vatn i Engsetdalsvatnet i Skodje. Kvinne er uskadd, ifølge politiet. Ein person fekk henne over på land, og det blei starta livredning. Politiet vil gjerne kome i kontakt med båtførar, slik at kvinna får takke personen som redda henne.