NRK Meny
Normal

18-åringen funnen - fann seg ei seng

Like før klokka 13 blei ein 18 år gammal ung mann funnen i god behald i Kristiansund. Ein større leiteaksjon blei avblåst då det viste seg at han hadde tatt seg inn i eit hus og funne ei ledig seng. Der han blei funnen tidleg i ettermiddag.

Leitemannskapa etter endt aksjon

Leitemannskapa kunne puste ut då 18-åringen blei funnen.

Foto: Anne Mari Flatset / NRK

Store styrkar har leita i om lag eit halvt døgn etter 18-åringen. Han forsvann etter ein tur på byen. Nokre kameratar stoppa for å prate med vener, medan han sjølv berre gjekk vidare, og der slutta alle spor.

Gunnar Todal i Røde Kors

Gunnar Todal i Røde Kors og dei mange frivillige kunne puste letta ut i 13-tida.

Foto: Anne Mari Flatset / NRK

Fann framand mann i senga

No er han altså funnen uskadd, og ifølge politiet i god behald. Og ikkje nok med det, han er også god og varm. For etter at han hadde kome vekk frå kameratane sine, blei han nok kald og sliten. Difor tok han seg inn i eit hus, der han fann ei ledig seng. Der har han tilbrakt natta og føremiddagen, medan det har blitt leita etter han.

Familien som fann 18-åringen kjende han ikkje frå før, og melde difor sjølvsagt frå til politiet om at dei hadde ein framand mann i huset og i senga.

– Her ligg ein mann vi ikkje kjenner, var beskjeden til politiet.

Frykta han låg ute

Innsatsleiar Vebjørn Bale

Innsatsleiar Vebjørn Bale rosar alle dei frivillige som var med på leitinga.

Foto: Anne Mari Flatset / NRK

Innsatsleiar Vebjørn Bale er uansett fornøgd med leiteaksjonen, og korleis den blei organisert. Veldig mange frivillige melde seg til å vere med på leitinga, i tillegg til eigne styrkar, Røde Kors og Norske Redningshunder.

– Vi frykta at han skulle ligge ute og fryse, men heldigvis enda det godt, seier Bale.

Operasjonsleiar Rolf Anders Korstad seier at 18-åringen nok er nokså flau av oppstyret han har laga. Han trur difor ikkje det blir nødvendig med noko ytterlegare reaksjon mot 18-åringen.

– Det var noko sånt vi håpa på, det er alltid godt når ein leiteaksjon får ein lykkeleg slutt, seier operasjonsleiaren, som sjølv må humre litt over korleis saka enda.