Hopp til innhold

Rekordmange lyn langs norskekysten i helga - og verre skal det bli

Har det gnistra og lynt rundt deg i helga, seier du? Aldri sett makan til uver? Det kan stemme. Forskarar registrerte nesten 18 000 lyn frå fredag morgon til laurdag kveld. Og dette er berre forsmaken.

Lyn ved norskekysten fredag kveld

Prikkane viser lyna som slo ned langs norskekysten fredag. I løpet av eitt døgn var det meir enn 14 000 lynnedslag. (Statnett SF/Sintef Energi AS)

Foto: Sintef

Innbyggjarar langs store deler av norskekysten har registrert uvanleg høg lynaktivitet denne helga. Mange snakkar om at dei aldri har sett makan til uver. Det kan stemme.

Forskar Frank Haftor Dahlslett ved Sintef Energi AS seier dette ikkje er vanleg.

– Eg har nok ikkje sett rett så mange lyn før seint i september, men så har det også vore eit ekstraordinært år. Vi har aldri registrert så mange lyn som i år, seier Dahlslett.

Les også:

Fredag var verste dagen

Frank Dahlslett

Sintef-forskar Frank Haftor Dahlslett seier det aldri har vore så mange lyn langs norskekysten som i år.

Foto: Sintef

Berre i løpet av eitt døgn, frå fredag morgon klokka 2 til laurdag morgon klokka 2 blei det registrert 14 336 lynnedslag langs norskekysten. Eitt av dei var truleg årsaka til at Rindal kyrkje i Møre og Romsdal begynte å brenne. Men også utover laurdagen var det meir enn 3 000 lyn. Så blei det nesten heilt stille.

– Så langt søndag har vi vel registrert åtte-ti lyn, så no er det over, seier Dahlslett.

4–5 gongar fleire lyn enn vanleg

Sintef-forskaren seier at det hittil i år er registrert 550 000 lyn. Det er 4–5 gongar så mange lyn som eit heilt år tidlegare. Delvis skuldast dette nytt utstyr og betre registrering, men det forklarer, ifølgje forskaren, ikkje alt.

– Årsaka er at det har vore veldig varmt over ein lang periode. Når det då kjem inn fuktig luft, og bakken er varm, blir det ofte lyn, seier Dahlslett.

Det norske lynsystemet består ifølgje NTB av 16 sensorar, 14 i Noreg, ein på Shetland og ein i Danmark. I løpet av dei siste åra har Statnett skifta ut dei gamle sensorane.

Trur vi får fleire lyn i åra framover

Lyn over Førde

Lyn over Førde i Sogn og Fjordane fredag.

Foto: Alf Vidar Snæland

Og skal vi tru Sintef-forskaren må nordmenn flest bu seg på å sjå fleire lyn i åra framover. Han seier mykje tyder på at vi får eit våtare og varmare ver, og at det truleg vil gje fleire lyn.

– Forskarane har vel lovd oss at det skal bli både våtare, villare og varmare. Så dette må vi venne oss til, seier han.

– Både fascinerande og skremmande

-Lyn har alltid både fascinert og skremt mange. Eit lyn er ifølgje Store norske leksikon ein sterkt lysande gneiste som oppstår ved ei brå elektrisk utlading i atmosfæren.

– Eg syns også det er utruleg fascinerande med lyn sjølv om eg har ein del kunnskap om emnet. Samtidig tenkjer eg litt på om kva som skjer dersom det slår ned hos meg, det er nok naturleg, seier forskaren.

Lyn langs kysten laurdag

Også laurdag blei det registrert mange lyn langs kysten. (Statnett SF/Sintef Energi AS)

Foto: Sintef