Hopp til innhold

176 har søkt sluttpakke i Rolls-Royce

Konsernet skal nedbemanne med 200 innan utgangen av 2017. No har 176 tilsette i Rolls-Royce Marine har søkt om sluttpakke.

Rolls-Royce Marine

Rolls-Royce Marine skal nedbemanne med 200 innan utgangen av 2017. No har 176 tilsette søkt sluttpakke

Foto: Brede Røsjø / NRK

Dei tilsette hadde frist til midnatt tysdag med å svare på om dei søkjer sluttpakke. Onsdag var det klart at 176 av dei 1750 tilsette i Marinedivisjonen i Rolls-Royce har søkt. Det var Sunnmørsposten som først skreiv om saka.

– No skal vi vurdere søknadene som har kome inn. Det kan også vere at nokre i den bunken vi svært gjerne vil behalde, seier kommunikasjonsdirektør Anette Bonnevie Wollebæk i Rolls-Royce til NRK.

Annette Bonnevie Wollebæk

Anette Bonnevie Wollebæk er kommunikasjonsdirektør i Rolls-Royce.

Foto: Jannicke Farstad / NRK

Tilsette som får innvilga sluttpakke kan bli fristilt frå konsernet i mars i år, seier Wollebæk.

200 må ut i 2017

Manglande oppdrag og nedturen innan oljebransjen har fått konsekvensar for Rolls-Royce. Marinedivisjonen i Noreg har 1750 tilsette, mange av desse jobbar på Sunnmøre. Her har konsernet avdelingar i mellom anna i Ålesund, Haram og Ulstein.

– Marinedivisjonen i Noreg må ned med 200 tilsette i Noreg i 2017. Det at vi har fått så mange søknader på denne frivillige ordninga som sluttpakke er til hjelp i ein vanskeleg nedbemanningsprosess, seier Wollebæk.

Kommunikasjonsdirektør i Rolls-Royce Marine, Annette Bonnevie Wollebæk.

Kommunikasjonsdirektør i Rolls-Royce Anette Bonnevie Wollebæk seier konsernet skal kutte 200 stillingar i 2017.

Foto: Lena Høyberg / NRK

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL