1700 utan julegåve

Skipsbyggarane i Vard får ikkje julegåver i år. Konsernet kuttar dei ut på grunn av den usikre situasjonen.

Julegåver

NRK sjekkar julegåvene: Kommunetilsette i Sunndal får tova ull (bak den raude innpakkinga). Båtbyggarane i Vard får ingen ting i år.

– Vi har kome fram til at vi ikkje gir gåver denne jula. Vi er midt i ein svært krevjande omstillingsprosess.

Det seier kommunikasjonsdirektør Hege Akselvoll i Vard til NRK Møre og Romsdal. Vi har sjekka julegåvepraksisen ved store bedrifter i fylket.

Tradisjon for fine gåver

Tidlegare har Vard-folka ofte fått klesplagg som skulle oppfordre til fysisk aktivitet utandørs.

– Vi har tradisjon for å gi fine julegåver. I år får dei ein flott julelunch, seier Akselvoll. Fredag var det stor lunch for tilsette og pensjonistar både i Tomrefjord, på Aukra og i Brattvåg.

Vard julekort

Vard-konsernet sender ut julekort, men kuttar ut julegåver til dei tilsette i år.

Foto: Vard

Hege Akselvoll trur dei som står på lønningslista støttar leiinga i avgjerda om julegåvestopp. Det har vore eit utfordrande år med ordretørke, permitteringar og oppseiingar.

Oppseiingar og gåvekort

Vestbase er ein stor arbeidsplass i Kristiansund, med 220 tilsette i Nordmørsbyen. Denne hausten har dei sagt opp åtte tilsette, og 14 har vore permitterte på grunn av den vanskelege situasjonen i marknaden.

– Vi har hatt julebord, men neste år tyder alt på at vi kuttar det ut, seier adm.dir. Alf Dahl. I ein kvardag der folk må forlate jobbane sine må det drivast nøkternt. Men Vestbase kuttar ikkje ut julegåver til folka sine.

220 tilsette i Kristiansund og 30 i Florø får kvart sitt gåvekort på tre hundre kroner.

Gåvekort

Dette er julegåve til 220 Vestbase-medarbeidarar i Kristiansund: Eit gåvekort på 300 kroner.

– Må snu alle steinar

– Det er store utfordringar for oss akkurat no. Vi må snu alle steinar. Men folka våre har jobba knallhardt i år, og dei får ei lita påskjønning for det, seier Alf Dahl.

Tusen gåver i Sunndal

Sunndal kommune er ein stor arbeidsgjevar. Dei gir julegåve til tusen personar.

– Vi kan røpe at julegåva i år er eit tova siteunderlag i ull.

Rådmann Per Ove Dahl seier at dette er eit rettferdig handel-produkt, laga i Mongolia.

gåve sunndal

Kari Grete Røkkum (t.v.) får julegåve for innsatsen i Bikuben barnehage, delt ut av Anne Grete Rød i Sunndal kommune.

– Vi deler dei ut akkurat no. Det er ikkje alle som har fått gåva si enno, men kvart år får vi gode tilbakemeldingar frå takksame kommunetilsette, seier rådmannen.

700 hemmelege Ulstein-gåver

– Før om åra har vi gitt hovudlykter, isbroddar og drikkeflasker. Og det blir litt i same klasse også i år, seier kommunikasjonssjef Lene Trude Solheim i Ulstein Group. Ho poengterer at dei gir nøkterne, nyttige og praktiske gåver til 700 tilsette:

– Det er fint å kunne gi ei lita merksemd til folk som har stått på, seier ho.

Ulsteingruppa gir også ein million kroner til SOS Barnebyer. Pengane går til prosjekt i Angola og Brasil.

– Men kva blir gåva frå Ulstein til dei tilsette i år?

– Det kan eg ikkje røpe! Julegåva er hemmeleg. Mange vil legge pakka si under treet heime på julekvelden. Det betyr nok framleis ein del for folk å bli sett pris på av arbeidsgjevaren.

Siste video/lyd

Avisene bur seg på nok ei helg der folk ikkje får avisa si.
Tidens Krav i Kristiansund set inn ekstratiltak for å kunne å nå ut til alle med laurdagsavisa.
Arbeidsledigheten blant ingeniørene mer en doblet i Møre og Romsdal på ett år.
Skoleelever slår til med annerledes julekalender. Det handler ikke om å få, men å gi til de som trenger det.