Hopp til innhold

Advent: Sjå løysinga på oppgåva 17. desember

Eikemo er ei lita grend i ein fjelldal på den veglause sida av Åkrafjorden i Sunnhordland. Då Oddgeir Bruaset vitja garden i 2004 budde der seks menneske.

Kva var det dei to geitebøndene på Eikemo mangla fullstendig?

To av desse seks er geitebøndene Geir Arne og Nils Kjetil Eikemo. Dei samla på gamle bilar. Programmet frå 2004 opna med at ein ny, gamal Volvo blir frakta til bygda, og denne gamle Volvoen blir plassert saman med dei andre bilane.

Sjølv om Bruaset måtte spørje om bilane MÅTTE vere i så dårleg hevd, svarte dei to at det ikkje sto så aller verst til med dei fleste av bilane.

Men om dei hadde flust med både bilar og geiter var det noko anna dei mangla fullstendig. Og her er vi framme ved spørsmålet.

Kva var det Geir Arne og Nils Kjetil Eikemo mangla fullstendig?

Oppgåva 17. desember

Vi har trekt ut ein vinnar. Vinnaren er:

Marit Lisbet Villa Vold, Vågstranda.

I denne videoen ser du kva som er rett svar:

Dette er løysinga 17. desember

Begge hadde lyst til å gifte seg, men ingen hadde funne nokon å gifte seg med. Dei mangla ei dame i livet.

Advent: Svar på oppgåva i luke 17