NRK Meny
Normal

17 spenstige kunstverk går Vestlandet rundt

Den 95. Vestlandsutstillinga i rekka blei opna på kunstmuseet Kube i Ålesund i kveld. Årets utstilling dreiar seg om økologi.

Besøkande på Vestlandsutstillinga i Ålesund

Spent publikum møtte fram for å få med seg godbitar frå vestlandskunstnarar.

Foto: Øyvind Berge Sæbjrønsen / NRK

"Hvor har vi vært?" er spørsmålet dei 17 kunstnarane som er med på årets Vestlandsutstilling, undrar seg over. Svaret gir dei i sært breispektera uttrykk. Her er måleri, installasjonar og skulpturar.

Få av mange slepp til

For kunstnarane er Vestlandsutstillinga ei mønstring som heng svært høgt.

Ho har eksistert som eit samarbeidsprosjekt mellom dei fire vestlandsfylka, og blei første gong arrangert i 1922. Kvart einaste år sidan har den felles kunstmønstringa blitt sendt på rundtur i fylka.

– Svært mange kunstnarar melder seg på kvart einaste år, og vil gjerne vere med. Men det er litt av eit nålauge å kome gjennom, seier fungerande styreleiar Terese Longva i Vestlandsutstillinga.

Kunstinstallasjon av Kristina Kvalvik

Kristina Kvalvik er ei av tre lokal kunstnarar som er med på årets utstilling. Ho viser ein videoinstallasjon.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

Opplagt og spent kunne ho ta i mot besøkande som i kveld ville få med seg ei kunstoppleving midt i snøvêret.

Kunstverka dreiar seg om korleis menneska handterer naturen, og om økologi i vidare forstand.

Nytt av året

Før om åra har alltid kuratorar bestemt kven som blir uttekne til å vere med på utstillinga. Dei har også bestemt korleis utstillinga skulle setjast saman.

Men denne gongen har ein jury jobba ut frå eit klart tema, som altså er økologi.

Tre av utstillarane kjem frå vårt fylke. Det er Runer Werner Molnes, Kristina Kvalvik og Vania Cunha.

Årets Vestlandsutstilling blei først vist i Hardanger. Ho blir verande i Ålesund til 26. mars og går så vidare til Haugesund, Førde og Stavanger.