Hopp til innhold

Mats (17): - Får du panikk i ein slik situasjon blir det berre verre

Den sytten år gamle eittbarnsfaren er glad for å vere heime igjen etter den dramatiske redningsaksjonen i Barentshavet.

Etter svært dramatiske timar i Norskehavet er sytten år gamle Mats Korsnes tilbake i Hareid.

Sytten år gamle Mats Korsnes er tilbake på sjøen. Denne gongen i tryggare rammer enn då han låg i den iskalde sjøen med 15 meter høge bølgjer som slo mot han.

Etter svært dramatiske timar i Norskehavet er sytten år gamle Mats Korsnes tilbake i Hareid.

– Det er godt å vere heime igjen. Det var godt å sjå igjen kjærasten min og dottera mi, familie og vener, seier Korsnes.

Korsnes var på jobb om bord autolinebåten Kamaro fredag då båten fekk motorhavari. Dei fekk hjelp og blei slept av båten "kV Harstad", men det vart slått alarm då det blåste opp i full storm og slepet var i ferd med å ryke.

Korsnes og resten av mannskapet fekk beskjed om å hoppe ut i dei 15 meter høge bølgjene, for så å bli plukka opp av redningshelikopter.

Tilbake på sjøen

Tre dagar etter at han hoppa i den iskalde sjøen, var han tilbake i båt. Då med litt andre omstendigheiter, i småbåthamna i heimstaden Hareid på Sunnmøre.

Tilbake på sjøen

Mats Korsnes er tilbake på sjøen saman med bestefaren Roger Korsnes.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen

Denne gongen er det blå himmel og ettermiddagssola glitrar på himmelen. Han er saman med bestefaren.

Kontrasten er stor frå ettermiddagssola i Hareid til dei høge bølgjene i det iskalde havet. For tre dagar sidan kasta 17-åringen seg ut i 15 meter høge bølgjer.

– Bølgjene kom nesten opp til båten, så høge var dei. Det var nesten betre at der var bølgjer når eg skulle hoppe ut i, enn at det hadde vore heilt stille på sjøen, seier Korsnes.

LES OGSÅ: Helikopterberedskapen braut saman
LES OGSÅ: Mannskapet blei redda i siste liten
LES OGSÅ: – Godt å vere på trygg grunn att

Droppa panikken

Kamaro 2

På dette tidspunktet var 17-åringen og resten av mannskapet framleis ikkje redda.

Foto: Kystvakta

Ungguten har vore yrkesfiskar i berre eit halvt år, men visste korleis han skulle opptre når det gjaldt som mest.

– Får du panikk i ein slik situasjon, blir det berre verre. Det er berre å ta det med ro. Vi har trent på dette på tryggleikskurs på Aukra.

Tøffe timar i Norskehavet har gjort inntrykk på Korsnes. Likevel let ikkje sunnmøringen denne dramatiske hendinga sette stoppar for fiskarkariera hans.

– Dette er noko som skjer ein sjeldan gong. Det er jo ikkje sånt som skjer kvar tur, seier den sindige 17-åringen.

Den dramatiske hendinga enda godt. Alle dei 14 sjøfolka blei redda.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL