Hopp til innhold

17-åring utfordrar Dale

Ungdomspolitikaren Steffen Falkevik frå Ålesund utfordrar Kirsti Dale til kamp om andreplassen på Møre og Romsdal Venstre si stortingsvalliste.

Steffen Falkevik
Foto: Trond Vestre / NRK

Nominasjonskomiteen har foreslått Dale som andrekandidat medan 17 år gamle Falkevik har fått femteplassen.

Falkevik meiner han har ein tydelegare ideologisk profil.

- Eg har ein tydelegare sosialliberal profil enn det Kristi Dale har og eg har markert meg i ei rekke saker, seier Falkevik.

- Kva saker då?

- Eg vil særleg nemne spørsmålet om vern av gyteområda utanfor kysten av Møre og Romsdal som no er trua av oljeleiting. Dette er ei sak eg har engasajert meg mykje i, seier Falkevik.

Falkevik legg ikkje skjul på at han er skuffa over at nominasjonskomiteen har foreslått ungdomskandidaten på ein femteplass.

- Eg er veldig skuffa. Andre parti har plassert ungdomskandidaten langt høgare, seier Falkevik.

Møre og Romsdal Venstre har nominasjonsmøte i Molde 31.januar.