NRK Meny
Normal

17-åring køyrt bil og hamna i elva i Aukra

Ein 17-åring køyrde fredag kveld med bil utfor vegen og hamna i elva ved Hollingen i Aukra. Bilen var påsett polsk skilt.

Ulykke Aukra

Ein 17 år gamal gut utan førarkort hamna i elva ved Hollingen i Aukra fredag kveld. Han skal ha kome frå utforkøyringa utan skadar.

Foto: Gunn E. Aarønes

Politiet avhøyrer fredag kveld ein 17 år gamal romsdalsgut, mistenkt for å ha køyrt bil utan førarkort ved Hollingen i Aukra.

Ifølgje politiet har fleire vitne fortalt at guten køyrde i stor fart, før han hamna ut i elva ved fylkesveg 662.

Politiet snakkar med han no, og har tatt prøvar av han for å sjekke om han var rusa, seier operasjonsleiar Aron Tonning ved Møre og Romsdal politidistrikt.

Det blei også funne eit narkotikaliknande stoff i bilen.

Trudde først bilen var polsk

Ifølgje politiet hadde bilen eitt polsk skilt bakpå bilen, og dei trudde difor først at også føraren var polsk. Nærare undersøkingar har vist at føraren er norsk, og bilen tilhøyrer ein norsk mann. Politiet seier bilen ikkje tilhøyrer 17-åringen sin familie, og har førebels ikkje avhøyrt eigaren av bilen. Dei veit difor ikkje om han visste at tenåringen stakk av med bilen.

Kvar dei polske skilta kom frå, er heller ikkje kjent for politiet.

Oppmålingar på staden

Politiet driv fredag kveld oppmålingar på staden, for å prøve å finne ut kor fort guten køyrde. I tillegg skal ein narkotikahund gå gjennom bilen.

Natt til fredag var 15-åringar på ferde med ein bil på Søre Sunnmøre.

NRK Møre og Romsdal kjem tilbak med meir.