Hopp til innhold

Kommune med 1600 innbyggjarar vurderer å ta imot 100 asylsøkjarar

UDI har spurt Halsa kommune om å etablere asylmottak i ein nedlagd husmorskule. I dag vil kommunestyret i bygda uttale seg om dei er villige til å imot 100 asylsøkjarar.

Husmorskulen i Halsa

Her, i den gamle husmorskulen i Halsa, skal eventuelt 65 asylsøkjarar bu. Halsa kommune vurderer å ta imot 100 flyktningar, i hovudsak frå Eritrea.

Foto: NRK

Kommunen på Nordmøre har så vidt over 1600 innbyggjarar, men vurderer no å ta imot 100 asylsøkjarar – i hovudsak frå Eritrea.

Ola Rognskog

Ordførar i Halsa kommune, Ola Rognskog (Sp), fortel at dei no vil formidle eit sant bilde av kommunen til UDI og driftsoperatør Link.

Foto: Trond Vestre / NRK

Om kommunen til slutt seier ja, vil folketalet truleg auke med 6,25 prosent allereie før 2013 er omme.

– Befolkningsauke i seg sjølv får meg ikkje akkurat til å skjelve i buksene, for både folk og innbyggjarar treng vi.

Det seier ordførar i Halsa, Ola Rognskog (Sp), til NRK tysdag morgon.

– Det er ein framand kultur som krev ekstra merksemd, og det er sjølvsagt ei utfordring at dei kjem på om lag same tid. Det er utfordringa i det, meiner ordføraren.

Bjørn Holden

Bjørn Holden sa tidlegare i oktober at dei håper å få busett 4.700 i norske kommunar så snart som råd.

Foto: NRK

4.700 ventar berre på bustad

Dei neste tre åra har integrerings- og mangfaldsdirektoratet (IMDi) bede 378 kommunar i Noreg om å busette 28.000 flyktningar.

Per no er det 4.700 flyktningar som har fått opphald i Noreg, men likevel må vente på asylmottak . Grunnen er at ingen kommunar vil ta ansvar for dei.

– Det er viktig å få klargjort kva kommunane meiner skal til for å få busett dei 4.700 flyktningar raskare no som dei ventar på å starte eit normalt liv i ein norsk kommune, sa assisterande direktør Bjørn Holden i IMDi til Aftenposten 13. oktober.

Av dei 4.700 har 2.500 venta meir enn seks månader på å bli busett i ein kommune. 700 av dei som har fått opphald er barn.

UDI har i ein beredskapsplan føreslått at kommunar eventuelt må påleggjast å ta imot flyktningar. Halsa kommune i Møre og Romsdal er éin av kommunane som til no har fått ein førespurnad.

Hallstein Saunes

Hallstein Saunes omtalte erfaringane frå tidlegare år som positive.

Foto: Bernt Baltzersen / NRK

God erfaring frå 2009

Dei er spurde om å ta imot 100 flyktningar, noko som i dag skal takast opp i kommunestyret. Ordførar Rognskog og rådmann Peter Ardon har skrive eit forslag til uttale som skildrar både dei positive og negative følgjene.

– Enkelt og greitt trur eg rådmannen ønskjer at vi skal formidle eit sant bilde av kommunen vår, slik at UDI (Utlendingsdirektoratet) og Link veit kva dei går til. I den grad dei skal vere i tvil. Her er det ikkje svart/kvitt, men litt av kvart, seier Rognskog til NRK.

Halsa kommune har tidlegare erfaring med å ta imot og huse flyktningar. I 2009 tok kommunen imot 33 mindreårige flyktningar frå Afghanistan. Då òg i samarbeid med Link AS – som er driftsoperatør for asylmottak i Noreg.

– Erfaringane med asylmottak for mindreårige i Halsa i 2009 og 2010 var gode, sa dagleg leiar i Link AS, Hallstein Saunes, tidlegare i månaden .

I 2009 var flyktningane sjølve også svært takknemlege for mottakinga dei fekk i Halsa.

– Ein del er skeptiske

No kan det igjen bli asylmottak i Halsa, og igjen i det som tidlegare var ein husmorskule. Det er derimot forskjell på 33 mindreårige asylantar og 100 vaksne.

– Det er ei betydeleg auke og ein vesentleg forskjell. Det er fleire, og det er vaksne folk, slår ordførar Rognskog fast.

Halsa asylmottak

Halsa kommune har fått spørsmål om å ta imot 100 asylsøkjarar.

Foto: NRK

Sist torsdag var det folkemøte i Halsa, der mange av kommunen sine innbyggjarar møtte opp. Størrelse på mottaket, talet på asylsøkjarar og fleire spørsmål blei drøfta.

– Vi fekk litt forskjellige signal. Det er ikkje til å leggje skjule på at ein del nærbuarar er veldig skeptiske. Dei er usikre på kva dette inneber, og uttrykkjer skepsis og utryggleik. Andre er på offensiven og seier at «dette må vi jaggu klare, vi må brette opp ermene, opptre som medmenneske og invitere dei inn i samfunnet».

Forskjellige meiningar og reaksjonar var derimot noko ordføraren rekna med. Kapasitet på helse, velferd og skule var nokre av spørsmåla som kom opp på folkemøtet.

– Vi trur vi klarer å kome opp med støttetenestene som trengst. Vi trur vi sit med ein kapasitet i dag som kan nyttast betre, seier Rognskog.

– Så er det spørsmål om å kunne rekruttere i alle fall på undervisning. Men dette er statleg økonomi som vi eventuelt får ta del, sjøl om dette ikkje er økonomisk motivert, avsluttar Halsa-ordføraren.

Husmorskulen i Halsa

Her budde det 33 mindreårige asylsøkjarar i 2009 og 2010. I løpet av året kan det kome nye asylsøkjarar.

Foto: NRK