16 nye smitta på fiskebåtar i Sula

16 nye personar er koronasmitta på dei russiske fiskebåtane som ligg til kai ved Fiskerstrand verft i Sula på Sunnmøre. Det stadfestar ordførar Jim Arve Røssevoll. Måndag blei det tatt nye prøver av mannskapet. Totalt er 44 personar smitta i utbrotet.

Fiskerstrand verft er stengt av etter smitte. Mannskap om bord i to russiske båtar blir testa for korona.
Foto: Alf-Jørgen Tyssing / NRK