Hopp til innhold

Dette er din nye ordførar

Blant dei nye ordførarane i Møre og Romsdal er det blant anna ein statistikar, tubaist, folkehøgskuletopp, vindsurfar – og ein som skal ete Grandiosa fleire gonger i veka i sin nye jobb.

Valg i Møre og Romsdal- forhandlinger om posisjoner er i gang
Foto: Remi Sagen / NRK

Her er ein del du neppe visste om alle dei 16 nye ordførarane i Møre og Romsdal.

Hopp direkte til din ordførar:

Molde:

Trygve Grydeland, Ny ordfører Molde Høyre syklende utafor Molde rådhus

Trygve Grydeland

Foto: Ann Eli Nøsen / NRK

Trygve Grydeland (38) frå Høgre tek over etter 12 år med Torgeir Dahl (H).

– Det er å hoppe etter Wirkola, men folk har jo sagt til meg at dei som kom etter Wirkola hoppa lenger enn han, flirer Grydeland.

Han føretrekker å rusle med familien langs den nye Sjøfronten framfor fjellturar.

– Eg har ikkje tid til å vase i naturen, er eg vel sitert på i Romsdals Budstikke.

Grydeland jobbar som fagleiar for statistikk og analyse i fylkeskommunen.

– Det viktigaste for meg som ordførar no er utfordringar med demografien, me blir fleire eldre og færre yngre, seier statistikaren til NRK.

Ålesund:

Håkon Lykkebø Strand

Håkon Lykkebø Strand

Foto: Remi Sagen / NRK

Håkon Lykkebø Strand (27) år frå Frp og Ellingsøya følgjer etter åtte år med Eva Vinje Aurdal (Ap).

– Det er ein heilt utruleg deileg følelse å bli ordførar, seier han.

Han har jobba på daglegvarebutikk i 13 år.

– Det viktigaste no er gjennomslag for reduksjon i eigedomsskatten og nei til del to av bypakken i Ålesund, seier Strand til NRK.

– Ålesund har ikkje ressursar til å smykke seg med symbolske klimatiltak, finkultur og luftslott. Me må prioritere folks skattepengar på dei viktigaste tenestene til innbyggjarane: barnehage, skule, helse og eldreomsorg.

Aukra:

Rektor ved Molde folkehøgskule Helge Kjøll jr

Helge Kjøll jr.

Foto: Privat

Helge Kjøll jr. (62) frå KrF tek over i Aukra, etter fire år med Odd Jørgen Nilssen (H).

Kjøll har vore rektor ved Molde folkehøgskule i 25 år, og blei i forfjor valt til leiar for Noregs Kristelege Folkehøgskolelag.

Han var varaordførar i åtte år under Bernhard Riksfjord (Ap).

– Me ønsker no å sjå på grunnbemanninga i eldreomsorga og å opprette ein aktivitør på Aukra omsorgssenter.

Hustadvika:

Nils Christian Harnes (KrF)

Nils Christian Harnes

Nils Christian Harnes (50) frå KrF blir ny ordførar i Hustadvika, etter åtte år med Tove Henøen (Sp).

– Eg driv med vidsurfing. Det er det nok ikkje mange ordførarar som gjer!

Harnes er deltidsbonde med som produserer oksekjøtt, og driv med eigedomsprosjekt i Oslo og i Romsdal.

– Eg elskar å vere ute i norsk natur. Eg går topptur om vinteren og på sjøen og vindsurfar om sommaren, samt småviltjakt på hausten. No kom eg nett heim frå maraton i Oslo.

– Etter fire år med satsing på skulebygg til barn og unge – er det nå dei eldre som må verte prioriterte med demenssenter i Eide og helse- og rehabiliteringssenter i Elnesvågen. Men eg må understreke at den flotte ordføraren vår har gjort ein god jobb dei siste åtte åra.

Surnadal:

Hugo Pedersen, politiker for Senterpartiet i Surnadal

Hugo Pedersen

Foto: Marius André Jenssen Stenberg / NRK

Varaordførar Hugo Pedersen (60) frå Sp tek over kjeda frå partifelle Margrethe Svinvik.

Han er mjølkebonde saman med kona, og har 26 kyr. Pedersen fortel at han er veldig interessert i skog og kulturlandskap.

– Viss eg får sjansen drar eg til den 200 år gamle setra vår i Trollheimen og held den og landskapet rundt setra i orden.

Den nye ordføraren trur ikkje surnadølane vil merke stor forskjell med han bak klubba.

– Det har dei siste åra vore tøffe tider med tap av konsesjonskraft og pandemien, men eg trur me ser lysare tider i vente no. Me har fått meir solid økonomi.

Fjord:

Terese Jemtegård Moen, ordførarkandidat i Fjord kommune.

Terese Jemtegård Moen

Foto: Privat

Terese Jemtegård Moen (50) frå Sp etter åtte år med Eva Hove (Ap).

Dagleg leiar i Fjordhagen som hjelp gründarar og etablerte bedrifter, jobba tidlegare i 13 år med reiseliv i Rauland i Telemark.

Ho speler tuba i korps, og speler og konkurrerer i frisbeegolf. Favorittplassen å gå på tur er Jemtesetra til heimegarden i Valldalen.

– Eg håper på få fart på bustadutviklinga. Dei som vil flytte hit eller jobbe her deltid treng ein stad å bu!

Giske:

Kenneth Langvatn

Kenneth Langvatn

Foto: Trond Vestre / NRK

Kenneth Langvatn (43) frå Høgre.

Han er avdelingsleiar i Eviny, som drifter og held ved like straumnettet.

På fritida blir det mykje verv, men også nokre turar ut.

– Favoritturen er Molnesfjellet, som er i bakgarden, samt sjølvsagt Sunnmørsalpane i sommarhalvåret.

Langvatn tek over etter åtte år med Harry Valderhaug (KrF).

– Eg vil nok vere ein litt ny type, sjølv om eg ser opp til Harry som leiar og borgarmeister. No er me i gang med ny barneskule på Vigra, den skal eg sørgje for at blir følgt opp. Så brenn eg for psykisk helse blant barn og unge.

Haram:

ORDFØRAR: Tysdag morgon vart det klart at Vebjørn Krogsæter (Sp) blir den nye ordføraren i Haram – som tittelere seg som kommune frå 2024.

Vebjørn Krogsæter

Foto: Remi Sagen / NRK

Vebjørn Krogsæter (59) frå Sp er tilbake som ordførar for den nye, gamle kommunen Haram.

– Det skal ikkje blir slik som før me blei slått saman med Ålesund, det er viktig å vere i utvikling og å ha lært av dei fire åra, seier han til NRK.

– Litt av utfordringa blir no å finne ut kva økonomiske rammer me får.

Herøy:

Tine Storøy ordførar Herøy Høgre

Tine Storøy

Foto: Høgre

Tine Storøy (53) frå Høgre etter Bjørn H. Prytz (Ap).

Tine Storøy eig Troll Lia barnehage og skaffa seg overskrifter da barnehagen donerte 18.000 kroner til Høgre før valet.

Sande:

Ordførar i Sande kommune Dag Vaagen

Dag Vaagen

Foto: Solveig Nyhus Aksnes

Dag Vaagen (67) frå Høgre etter Olav Myklebust (Sp).

Jobbar i Skatteetaten i Ulsteinvik, og har styrt mykje med fotball på fritida.

– Eg har faktisk flest kampar for Gursken IL, med 642 i talet. Eg lærte vel ein ung Jan Åge Fjørtoft å bruke hendene og halde folk frå seg.

Vaagen fortel at den aktive karriere no er over, men at han følgjer med på barnebarna.

– Eg brenn for næringslivet og Sande, me må legge til rette og må satse meir på å rekruttere innbyggjarar. Me pressar på for hyppigare ferjeavgangar.

Stranda:

Einar Arve Nordang

Einar Arve Nordang

Foto: Sissel Brunstad / NRK

Einar Arve Nordang (52) frå Høgre etter tolv år med Jan Ove Tryggestad (Sp).

– Eg må få vere meg sjølv i denne rolla, så noko palassrevolusjon blir det ikkje med det første.

Nordang er logistikksjef på Grandiosa-fabrikken.

– Eg brukar fritida mykje på å halde ved like bygningane på småbruket eg vaks opp på. I tillegg til jakt, fiske og vedhogst.

– Kor ofte et du Grandiosa?
– Hittil har det vore fleire gonger i veka. I 30 år har eg hatt tilgang til nysteikt Grandiosa til lunsj. Eg får ta med meg det vidare inn på ordførarkontoret.

– Kva er favoritt-Grandiosaen?
– Kjøtdeig og lauk, faktisk.

Sula:

Turid Humlen er høyres ordførerkandidat i Sula kommune i 2023.

Turid Humlen

Foto: Trond Vestre / NRK

Turid Humlen (64) frå Høgre etter åtte år med Jim Arve Røssevoll (Ap).

Seniorøkonom i Sparebanken Møre og jobbar med personkundar.

Speler klarinett i Langevåg musikkorps og går på fjellet på fritida.

– Særleg på Blåfjell her på Sula, dit eg kan gå heimanfrå på kvardagar.

– Vil du ha gondol?
– Det er eit vanskeleg spørsmål, men mitt parti har sagt at dei er positive.

– Eg brenn for at me skal få raskare saksbehandling og ikkje sløser vekk folkets og kommunens tid. Så synast eg me kjapt må kaste oss rundt og møte eldrebølgja – me vil innan ti år ha 30 prosent fleire over 80 år i Sula.

Sykkylven:

Olav Ulstein på ferje

Olav Ulstein

Foto: Nils-Atle Sundnes / NRK

Olav Harald Ulstein (60) frå Frp etter åtte år med Odd Jostein Drotninghaug (Sp).

Ulstein er det han omtalar som sjølvlært malar, som føretrekker naturalistiske landskapsbilete. Han deltok i realityserien Farmen på TV 2 både i 2014 og i 2020.

Ørsta:

Anne Sølvi Vatne (Ørsta Høgre, Erna Solberg og Per Are Sørheim (Ørsta Høgre).

HØGRE: Sørheim til høgre, om du skulle vere i tvil.

Foto: Trond Vestre / NRK

Per Are Sørheim (58) frå Høgre etter åtte år med Stein Aam (Sp).

HR-sjef i Vatn, som sel kraft og som Sørheim var med å skipe.

– På fritida blir det mykje politikk, i tillegg til at me har ein gard med katt og hjort på.

– Me skal fortsette den veldig positive utviklinga i Ørsta, men med ei strammare økonomisk styring som me vil trenge framover.

Vanylven:

Bonde Paul Sindre Vedeld

Paul Sindre Vedeld

Foto: Arne Flatin / NRK

Paul Sindre Vedeld (58) frå Sp etter åtte år med Lena Marie Landsverk Sande (V).

Han er dagleg leiar i Rovde Møbel, driv Rovde Taxi og er dagleg leiar i eit byggfirma med fire tilsette.

– På fritida er det på fjell, så lenge det er fint vær. I går blei det to mil. Favorittane er her i kommunen, men me drar også til Ørsta.

– Det er dei rundt meg som kan noko, eg skal berre drage i trådar, nett som eg har gjort som bedriftsleiar. Eg brenn for ungdommen! Det inspirerer meg veldig å møte ungdommen, slik eg har gjort når eg har køyrt natt-taxi dei siste ti åra.

Ulstein:

Stian Skorgen Scheide
Ordførar Ulstein Høgre

Stian Skorgen Scheide

Foto: Høgre

Stian Skorgen Scheide (32) frå Høgre etter åtte år med Knut Erik Engh (Frp).

Han er salssjef for ettermarknadsavtalar i Kongsberg Maritime.

– På fritida prøver eg å få tid til familien og å segle i seglarklubben.

– Me vil sette opp tempoet på tilrettelegging av næringslivet, seier han til NRK, travel opptatt på veg inn i eit møte.