Hopp til innhold

16-åring dømd til fengsel i tre år for mordbrann

Ei 16 år gamal jente er dømd til fengsel i tre år etter mordbrannparagrafen, etter å ha sett fyr på barnevernsinsitusjonar i Molde og Alta. To år av straffa er på vilkår.

Boligen tilhørende et bofellesskap i Mathisdalen er fullstendig overtent.

Brannen i Alta hausten 2016 er den siste jenta er dømd for å ha starta. Nokre månader før sette ho fyr på barnevernsinstitusjonen der ho budde to gongar.

Foto: Stian Strøm / NRK

Det er ein alvorleg tiltale den 16 år gamle jenta måtte svare for då ho nyleg møtte i retten. No er ho dømd til tre års fengsel.

I retten vedgjekk 16-åringen det ho er tiltalt for, og ifølgje dommen støttar dei andre bevisa i saka opp under forklaringa til jenta.

Forsvarar Astrid Bolstad meiner dommen er korrekt.

Astrid Bolstad

Astrid Bolstad er forsvarar for 16-åringen. Ifølgje advokaten skulle jenta sjløv ønske at ho sleppte ut frå fengselet før.

Foto: Wold&Co

– Alt i alt er det ein grei dom, sjølv om jenta sjølv skulle ønske at ho kom ut før, seier Bolstad.

Ho viser til at to-tredelar av dommen er på vilkår, slik at jenta i praksis berre blir sitjande fengsla i eitt av tre år.

Kortare enn påstanden

Dommen er eit halvt år kortare enn påstanden frå aktor Ingvild Thorn Nordheim.

Ingvild Thorn Nordheim

Aktor Ingvild Thorn Nordheim har førebels ikkje avgjort om påtalemakta vil anke saka.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

– I utgangspunktet meiner eg at det var rett med ein litt lengre dom, seier Nordheim og viser til rettspraksis, men også at ho trur det vil ta tid å få på plass eit skikkeleg opplegg for jenta, før ho blir lauslaten.

Les også:

Slår fast at ho handla med forsett

Retten er ikkje i tvil om at jenta var klar over det ho gjorde, og dermed handla med forsett. I retten forklarte jenta at det ikkje var meininga at nokon skulle bli skadd i brannane.

Jenta var berre 15 år då ho sette fyr på huset der ho budde, ein barnevernsinsitusjon på Hjelset i Molde i februar 2016. To månader seinare gjorde ho det same igjen, og den gongen var det tre personar som låg og sov, og som i følgje dommen lett kunne ha omkome.

Etter ei tid blei tenåringsjenta flytta til ein institusjon i Alta i Finnmark, og også der sette ho fyr på rommet sitt, først i juli og deretter i oktober. Den siste brannen førte til at huset blei totalskadd.

Les også:

Konkluderer med tilrekneleg

I retten blei det konkludert med at jenta var tilrekneleg då ho sette fyr på dei fire barnevernsinstitusjonane.

Retten meiner det er straffskjerpande at ho gjorde det med vilje, og at det virka planlagt.

I formildande retning tek retten omsyn til at ho er ung.

Kritikk mot institusjonen

I dommen kjem det fram kritikk mot selskapet som driv dei barnevernsinsitusjonane der ho har budd, Aleris Region Nordvest. Det heiter mellom anna at tilbodet ikkje ivaretok godt nok behova hennar. Dommen viser også til at Fylkesmannen kom til den same konklusjonen, då dei hadde tilsyn med institusjonane i Molde etter brannane.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL