Hopp til innhold

15-åring slått ned i Volda

Ein 15-åring vart natt til fredag slått ned av ein annan 15-åring i Volda. Den fornærma vart henta med ambulanse, og vart sendt til Volda sjukehus.

15-åring slått ned i Volda

– Skadeomfanget er ukjent, men den fornærma var medviten då han vart frakta til sjukehus, seier operasjonsleiar Kenneth Sætre i Sunnmøre politidistrikt.

Namngitt gjerningsmann

Politiet fekk melding om saka klokka 22.50 torsdag kveld.

Både fornærma og gjerningsmannen er 15 år gamle, og gjerningsmannen stakk frå staden etter å ha slått ned den fornærma på ein offentleg stad i Volda i Møre og Romsdal.

– Det har vore eit slagsmål mellom to gutar i Volda i natt. Me har ikkje arrestert gjerningsmannen, men han er namngitt, seier Sætre.

Gjer avhøyr

Saka blir følgt opp av Ørsta og Volda lensmannskontor fredag.

– Dette er unge gutar i midten av tenåra, og det gjer at foreldra må vera med når me tar avhøyr. Dei må i alle fall bli varsla og godkjenne det, seier Sætre.

Det var fleire vitne til hendinga.

– Me har fått namn på vitne og involverte, og avhøyr blir gjort no i dag. Dei involverte er ikkje såkalla kjenningar av politiet, seier Sætre.