Hopp til innhold

- Treng 14 millionar kroner for å gjere Trollstigen trygg

Trollstigen er bratt og svingete. Kvart år set store bussar seg fast i dei krappe svingane. Men for 14 millionar kroner kan svingane på vegen fiksast.

Trollstigen i Møre og Romsdal

I dei 7 svingane hender det ofte at store turistbussar blir ståande fast.

Foto: Kallestad, Gorm / SCANPIX

Statens vegvesen har alt brukt 200 millionar kroner for å bygge ut platået oppe på Trollstigen. I samband med prosjektet «Nasjonale turistvegar», er det bygt både utsiktsplatå og eit eige turistsenter på toppen.

Men, sjølv om eit parti av Trollstigen blei rassikra for kort tid sidan, er framleis mange av svingane for krappe for dagens trafikk. Reiselivsnæringa bed no Staten om å løyve 14 millionar kroner for å gjere svingane lettare å passere.

Sjå kor trongt her er:

Video Trangt om plassen med lengre busser

Se så trangt det er i Trollstigen når lange busser skal kjøre der.

– Vi har forsøkt å få på plass både kommunale og fylkeskommunale midlar for å få gjort denne jobben. Men pengane fins ikkje i Møre og Romsdal. Dermed må Staten inn, seier reiselivssjef i Rauma, Hilde Gråberg Bakke.

Bli med og køyr heile vegen:

Video Premiert: Trollstigen opp med Volvo PV

Bli med når vi kjører hele Trollstigen i en gammel Volvo.

Det er i svingane problema oppstår. Kvar sommar set store turistbussar seg fast, og det blir køar med bilar som skal både opp og ned den svært besøkte turistvegen.

– Her er det snakk om å fullføre eit statleg prosjekt, og pengane må kome som eit statleg tilskot. Arbeidet må utførast i ein kort og hektisk periode, og alle sju svingane må utbetrast parallelt, seier Gråberg Bakke.

Sjå kor fint her har blitt:

Video Gudbrandsjuvet ved Trollstigen har fått ny attraksjon

Se så fint det har blitt både på Trollstigplatået og ved Gudbrandsjuvet.

Reiselivssjefen har no sendt brev til Samferdselsdepartementet. Men departementet vil førebels ikkje kommentere saka, fordi dette er ei sak som er under behandling.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL