NRK Meny
Normal

14-åring blei gravid etter overgrep

Ei 14 år gamal romsdalsjente blei gravid etter at ein mann forgreip seg på henne. No må han i fengsel.

Norges lover tingrett

MIST UNGDOMSTIDA: Retten meiner jenta har mist store deler av ungdomstida si, etter at ho blei gravid, berre 14 år gamal.

Foto: Philip Hofgaard / NRK

Det var våren 2013 mannen forgreip seg på den langt yngre jenta. Dei to møttest på skulen hennar allereie i 2012, då han var utplassert for NAV.

I retten forklarte mannen og jenta seg ulikt om han brukte tvang eller ikkje, og først etter ei god stund oppdaga ho at ho var gravid.

– Visste ikkje kor gamal ho var

I retten forklarte mannen at han ikkje visste kor gamal jenta var, men det trudde ikkje retten på. Dei viser til at dei to hadde kontakt i fleire månader, budde på ein mindre stad, og at han visste at ho gjekk på skulen, der han arbeidde.

I retten kom det også fram at mannen har ei lett psykisk utviklingshemming, og også at rusbruk har sett han tilbake evnemessig. Men konklusjonen er at han var tilrekneleg då overgrepet skjedde.

Jenta fødde barnet

Mannen brukte ikkje prevensjon, og dette førte til at ho blei gravid, berre 14 år gamal. I dommen heiter det at sjølv om ho er veldig glad i barnet sitt og flink til å ta seg av det, har ho mist store deler av ungdomstida.

I straffeutmålinga har retten lagt vekt på at jenta var sårbar og med fleire personlege utfordringar.

Retten meiner det er straffeskjerpande at dei to hadde kjent kvarandre ei lang stund, at han visste kor ung ho var og kor vanskeleg ho hadde det.

Retten meiner også det er straffeskjerpande at han ikkje gjorde noko for å avklare om han var barnefaren, trass i at jenta gjorde fleire forsøk på å finne det ut.

Ifølge dommen trudde jenta først at det var kjærasten som var barnefaren, men ei DNA-analyse viste at den tiltalte var faren.

Årevis før saka kom opp

Retten meiner det er formildande at mannen er lettare psykisk utviklingshemma, og at det har gått omtrent fire år frå overgrepet skjedde til saka kom opp.

Fengselsstraffa er seks månader, fire av dei på vilkår. I tillegg må han betale 50 000 kroner i erstatning.