Politiadvokat Ole Ødegård.
Meldeplikt
Lagmannsretten meiner det er nok med meldeplikt tre gongar i veka. Politiadvokat Ole Ødegård meiner meldeplikta ikkje hindrar mannen i å gjere nye lovbrot. Også nestleiar i Stortingets justiskomite, Jan Arild Ellingsen, frå Frp er svært kritisk til avgjerda.
Nestleiar i Stortingets justiskomité, Jan Arild Ellingsen, frå Frp.
133 lovbrot
Den 33 år gamle mannen har ikkje mindre enn 133 vinningslovbrot bak seg. Det meste er innbrot i hytter som vart gjennomført i tida august 2001 til mars 2004. Når saka var oppe for retten i sommar vart han dømt til 390 timar samfunnsstraff. Arild Ellingsen tok då opp saka i spørjetimen i Stortinget, utan at noko vart endra.
Nytt tjuveri
33-åringen var så vidt starta med samfunnsstraffa, då han sist veke igjen vart pågripen for nytt tjuveri. Tingretten ila han tre veker varetektsfengsel for å hindre nye lovbrot. Likevel, skriv lagmannsretten i kjenninga, at meldeplikt er nok sjølv om retten også påpeikar at mannen har vist at han har svært låg terskel for å gjennomføre nye straffbare handlingar.
Det er naivt å tru at meldeplikt vil hindre mannen i å gjere nye lovbrot seier Ødegård.
–Han må varetektsfengslast til straffesaka kjem opp. Når det ikkje skjer er det svært uheldig, avsluttar han.