Hopp til innhold

13 menn bortviste frå Ålesund og Kristiansund i natt

Fest og fyll førte til at politiet måtte vise bort til saman 13 menn frå sentrum av Ålesund og Kristiansund natt til søndag.

Fleire menn blei bortviste frå Ålesund sentrum

Totalt 10 menn blei viste bort frå Ålesund sentrum natt til søndag på grunn av fyll og bråk. Her utanfor ein restaurant i Ålesund klokka 3.34 natt til søndag.

Foto: NRK

Politiet kallar det ei normal natt, og registrerer at totalt 13 menn i Kristiansund og Ålesund blei viste bort frå sentrum på grunn av fyll og bråk.

– Det har vore ein del ordensforstyrringar, men natt til søndag er det gjerne slik. Å kalle det uvanleg er det å dra det litt langt, det skjer ofte, seier operasjonsleiar Terje Lingås ved Sunnmøre politidistrikt.

Ni menn viste bort på vel ein time

Terje Lingås

Operasjonsleiar Terje Lingås seier politiet ikkje ønskjer å jatte med folk.

I Ålesund sentrum viste bort politiet ikkje mindre enn ni ulike menn på halvannan time frå litt før klokka tre til litt over klokka fire. Alle laga ifølgje politiet bråk i ulike situasjonar, og fekk klare åtvaringar om bøtlegging om dei kom tilbake.

Lingås vil ikkje vere med på at dei burde bruke sterkare lut for å få bukt med helgefylla.

– Det blir vurdert frå tilfelle til tilfelle, men vi har fokus på at vi ikkje berre skal jatte med folk, for å kalle det det. Vi må vurdere om vi berre gjer oss sjølve ei bjørneteneste, seier Lingås.

Han seier han ikkje kan svare for dei konkrete vurderingane som blei gjort natt til søndag, men poengterer at ein del også blir melde til politiet.

Køyrt til legevakta

I Ørsta blei ein mann i 20-åra ifølgje politiet banka av tre personar i 3.30-tida. Han skal ha blitt sparka og slått, og mellom anna fått skadar i ansiktet. Politiet kan ikkje opplyse om dei fire kjende kvarandre, men seier dei har spor i saka.

– Eg antar at politipatruljen som var på staden anar kven gjerningsmennene er, seier Lingås.

Frode Gjøsund

Operasjonsleiar Frode Gjøsund i Nordmøre og Romsdal politidistrikt seier uoversiktlege situasjonar mange gongar gjer det vanskeleg å vite kven som skal bøtleggjast eller meldast til politiet.

Foto: Politiet
Tre viste bort i Kristiansund

Også i Kristiansund måtte tre menn bortvisast på grunn av bråk og uro i sentrum. Operasjonsleiar Frode Gjøsund seier det er uoversiktlege situasjonar mange gongar gjer det vanskeleg å vite kven ein skal bøtleggje eller melde til politiet.

– Det er mange tvilstilfelle, men er det gjengangarar og nok bråk bør ein melde saka til politiet, og det syns eg også vi gjer, seier Gjøsund. Han seier at det normale er at bråk på offentleg stad som krangel og tilløp til slåsting blir melde.