Hopp til innhold

På denne turistplassen blir 13-åringane sett i arbeid

Reiselivsnæringa skrik etter arbeidskraft. På Smøla er dei avhengig av at også barna jobbar for å få det til å gå opp.

Kristine Moe Skjølberg og Hannah Sandblåst Olsen bak disken på kafeen på Veiholmen

Kristine Moe Skjølberg (14) og Hannah Sandblåst Olsen (13) skal jobbe på Liebhaber Kaffebar på Veiholmen i sommar.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

Ytst i havgapet på Nordmøre ligg turistperla Veiholmen. Om få dagar kjem det fullt av turistar hit og alle må bidra.

Også 13 år gamle Hannah Sandblåst Olsen og venninna Kristine Moe Skjølberg på 14 år får det hektisk. Dei skal ha sommarjobb på kafeen.

– Det kan bli litt rush, men det er veldig artig. Det kjem inn mange bestillingar og du må gjere alt for at kundane får det dei vil ha, seier Kristine.

Ho jobba i fjor sommar også og veit kva ho snakkar om. Hannah har hjelpt til i mange år sidan det er mora som eig kafeen.

– Det er lurt å starte tidleg. Då får du erfaring og kan få betre jobbar etter kvart, seier Hannah.

Kristine Moe Skjølberg vaskar kafebordet på Liebhaber Kaffebar på Veiholmen på Smøla

Kristine Moe Skjølberg søkte ikkje på sommarjobb, men blei spurt om ho hadde lyst å jobbe på kafeen i fjor sommar. I år skal ho også jobbe der.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

Erfaren 16-åring

På Havkroa er Weronika Carmen Pawlowicz (16) i gang med å ta opp middagsbestillingar. Ho er akkurat ferdig med 10. klasse, men likevel erfaren i bransjen. Som 13-åring ringde ho til Havkroa og spurte om dei hadde jobb til henne. Sidan då har ho vore der somrar og helger.

– Første arbeidsdag var eg veldig stressa. Eg trudde folk kom til å dytte meg bort sidan eg var så ung, seier Weronika. Men slik blei det ikkje og ho likte seg godt frå første stund. No pratar ho engelsk med turistane på det eine bordet, norsk på det andre. Ho anbefaler dei å prøve den lokale retten saltfiskball.

Weronika Carmen Pawlowicz på jobb på Havkroa på Veiholmen på Smøla. Ho tar middagsbestilling frå to turistar.

Weronika Carmen Pawlowicz elskar å vere servitør. Dette er tredje året ho jobbar på Havkroa.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

Avhengig av unge

Monica Iversen driv mellom anna restaurant, overnattingsstad, bubilparkering og kiosk. Ho seier at reiselivet på Smøla er avhengig av å tilsette lokal ungdom. Dei får gjerne jobb i 13–14 årsalderen og blir til dei flyttar vekk for å studere.

– Du skal ikkje undervurdere dei. Dei er pliktoppfyllande og flinke. Sjølvsagt må dei formast og lærast opp, seier Iversen.

Monica Iversen er dagleg leiar og eigar av Havkroa på Smøla. Ho står utanfor bygninga

Monica Iversen er dagleg leiar og eigar av Havkroa som har restaurant og overnatting på Veiholmen på Smøla. Ho har god erfaring med å tilsette unge personar.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

Ho meiner at resten av reiselivsnæringa bør gi yngre som vil jobbe ein sjanse. Hennar yngste tilsette startar i oppvasken og avanserer etter kvart. Sjølvsagt er ho også avhengig av å ha eldre over 18 og 20 år som kan skjenke alkohol.

– Det første dei seier når sommaren er over er at dei kjem tilbake neste år også, seier Iversen.

Manglar arbeidskraft

Ifylgje NHO manglar det 10.000 tilsette i reiselivsnæringa og ein del tilsett no unge arbeidstakarar.

– Det er ulike utfordringar med arbeidstidsreglar og alkoholservering og kanskje ein må bruke ekstra tid på opplæring, men eg trur erfaringane kan vere gode med å bruke unge, seier Ole Michael Bjørndal, fagdirektør i NHO.

Les også Fulle hotell skrik etter folk

Arja Fladager

Baristakurs i Oslo

På kafeen er Hannah og Kristine klare til å ta imot alle gjestane som kjem i juli. Frysaren er full av heimelaga kaker som jentene skal servere. Og Hannah har gått på baristakurs i Oslo hos kaffileverandøren, så no har ho diplom som bevis på at ho kan å lage kaffi.

– Eg trur ikkje andre 13-åringar kan å lage kaffi profesjonelt, smiler ho.

Hannah Sandblåst Olsen ved kaffimaskina på Liebhaber kaffebar på Veiholmen i Smøla

Hannah har vore på baristakurs i Oslo.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL