Hopp til innhold

12-åringar gir nytt liv til utdøydd lakseelv

Somme skuledagar er heilt annleis enn andre. Det erfarte 6.-klassingar då dei sette ut lakseyngel i ei elv der parasitten hadde herja.

Elevar set ut lakseyngel

Vikeelva i Sykkylven får nytt liv takka vere 6.-klassingane som hjelper til med å setje ut yngel i elva. Jan Melseth held eit kyndig auge med utsetjinga.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

– Ha, ha! Dette går jo bra!

Frydefull latter stig i ekko opp frå breidda til Vikeelva i Sykkylven. 17 elevar frå Vik skule er med på noko dei aldri før har gjort.

– Å, dette er kjekt! Dei liknar rumpetroll, ler Sofie Kolås, der ho står med ei kvit bøtte i handa og balanserer på eit berg som stikk opp av elva.

Barn set ut lakseyngel i Vikeelva, sykkylven

Alle 6.-klassingane frå Vik er med på prosjektet for år vekke liv i elva igjen.

Foto: Sissel Brunstad / NRK

Rundt Sofie, medelevane, ein lærar og ein lakseentusiast, renn det som ein gong var ei fin aure- og lakseelv, men som har vore utan liv i over 20 år.

Nytt liv

Det var lakseparasitten som på 1980-talet herja i elva og knekte alt som var av fisk.

– Den lokale laksestammen blei ikkje teken vare på, diverre. Men no prøver vi å vekke elva til live igjen ved hjelp av yngel frå stamlaks i Aureelva, fortel Jan Melseth, prosjektleiaren for det heile.

Veit de kven som knekte laksen, spør han elevane.

– Gyrodactylus salaris, kjem det samstemt frå ein flokk elevar som høyrer han gjennom elvesusen.

Gjett om dei har lært leksa si!

Vikeelva i Sykkylven

Om nokre få år kan det igjen bli laksefiske i Vikeelva, takka vere unge som har vore med og sett ut yngel.

Foto: Sissel Brunstad / NRK

Arbeidet med elva har gått føre seg i fleire år, og med på laget har lakseveteranen fått både speidarar og 6.-klassingar frå Vik skule.

– Dei unge står for framtida, og får lære om både elva og laksen. Det er langt betre enn at oss gamle gubbane skal stå for det heile. Dette er rekruttering for framtida, smiler Melseth.

Lakseyngel i plastbøtte

Mange, mange slike bøtter med lakseyngel rakk elevane å tømme ut i elva på nokre få føremiddagstimar.

Foto: Sissel Brunstad / NRK

Sjølv går han frå elev til elev med tips om korleis dei skal gå fram når dei tømmer bøttene med yngel varsamt ut i elva.

– Dette er veldig kjekt, seier Linnea Marie Blakstad Saugestad og Stine Øvrevoll Kalstad. Dei gløtter ned i bøttene der yngelen sym i ring. Så hallar dei på bøtta, og fører småtassane varsamt ned i elvevatnet.

– God tur, kjem det frå ein kar som står like ved.

Nærmiljøet

Vikeelva snor seg berre eit steinkast frå Vik skule. Der har elevane i fleire år hatt elva som eit nærmiljøprosjekt, fortel lærar Ole-Thomas Kulseth.

Lakseyngel blir sett ut i elv

Det går fint an å setje ut lakseyngel rett frå handa også, men då må ein vere snar i vendinga, erfarte elevar ved Vik skule.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

– Elevane er veldig entusiastiske, etter at dei i tre skuleår har lært om livet i og ved elva. Utsetjinga av lakseyngel toppar det heile, og dette er berre heilt topp for oss alle, seier Kulseth, og peikar på yngel som har lagt seg under ein stor stein.

Går alt slik det skal, vil yngelen 12-åringane set ut, kome tilbake som vaksen laks om fem år.

– Dette skulle alle born ha fått vore med på! Og om fem år kjem vi tilbake og fiskar laksen, smiler Ibrahim Naser, og gjer seg til talsmann for dei 17 som er med på å skape Vikeelva om til ei god laks- og aureelv igjen.

Skuledagen på tampen av skuleåret blei av det aller kjekkast slaget.