Hopp til innhold

12 år gammal jente døydde etter drukningsulykke

Ei jente som kom under vatn i Molde torsdag kveld døydde av skadane.

Ulykke Molde

DØYDDE AV SKADANE: To jenter var involverte i ei badeulykke torsdag kveld. Søndag melder politiet at den eldste jenta døydde av skadane.

Foto: Hogne Bø Pettersen

Det melder politiet.

Jenta døydde søndag føremiddag.

– Det er trist å miste nokon. Og det er ekstra vondt når vi mistar eit ungt menneske som skulle ha livet framfor seg, seier Anders Bayer, mediekontakt ved Oslo universitetssykehus.

To jenter involverte

Politiet har ikkje nokon grunn til å tru at det har skjedd noko straffbart, skriv dei i ei pressemelding.

Det var torsdag klokka 18.32 politiet fekk melding om at to jenter hadde kome under vatn i Inntaksdammen i Molde, som er eit populært badevatn eit stykke nord for busetnaden i byen.

Molde

Ulykka skjedde i Inntaksdammen nord for busetnaden i Molde.

Stabilt for den yngste

Den yngste jenta vart redda opp av vatnet av nokre ungdommar.

Ho vart floge til sjukehuset i Molde og deretter sjukehuset i Ålesund, der situasjonen hennar etter ei stund vart rekna som stabil.

Den eldste jenta vart henta opp frå vatnet ei stund seinare.

Det vart gjort livreddande tiltak på staden. Så vart ho sendt til St. Olavs hospital i Trondheim.

Sendt til Oslo

Fredag ettermiddag vart jenta sendt vidare til Oslo universitetssykehus.

Situasjonen hennar vart omtala som uavklara.

Søndag klokka 15.20 kom meldinga om at jenta, som var 12 år, døydde om føremiddagen grunna skadane ho fekk.

Ulykke Molde

Ambulansepersonell var på plass ved Inntaksdammen torsdag kveld.

Foto: Hogne Bø Pettersen