Hopp til innhold

Vindkraftmotstandarar nekta å gå av ferja

11 personar som nekta å gå av ferja til Haramsøya er politimeld. – Forbanna trasig, seier ferjesjef.

Aksjonistar på Haramsøya.

Aksjonistane hindra bilen med dynamitt i å køyre om bord i ferja. Dei blei kasta av ferja av politiet.

Foto: Bjørnhild Nykrem / Motvind Norge

Torsdag hevda ferjeselskapet at vindkraftmotstandarar nok ein gong hindra dynamitt å bli med ferja til Haramsøya. Dynamitten skal brukast på Haramsfjellet der bygginga av vindkraftanlegget er i gang. For å frakte dynamitt kan det ikkje vere meir enn 12 personar om bord i ferja.

Kapteinen ba vindkraftmotstandarane om å gå av ferja, men dei nekta. Også på tysdag blei det aksjonert for å hindre ein bil med dynamitt å bli med ferja til Haramsøya.

– Elleve personar blir meldt av politiet for å ikkje etterkomme pålegg om å fjerne seg frå ferja, seier Per Åge Ferstad i politiet.

Det var også andre aksjonistar til stades, men dei valde å gå av ferja.

Meiner politiet bryt lova

Rune Haaland i Motvind Norge seier at dei aksjonerer på ferja sidan det ikkje er lov å gå på fjellet der vindkraftutbygginga skjer. Haaland meiner at verken kapteinen på ferja eller politiet kunne beordre at passasjerane skulle gå av.

– Vi blei eskortert av ferja og gjekk på egne bein. Vi meiner kapteinen og politiet har brote regelverket, seier Haaland. Aksjonistane nektar å godta bøtene. No skal dei i møte med politiet.

Rune Haaland

Rune Haaland i Motvind Norge meiner passasjerar har rett til å vere på ferja og at politiet ikkje kan kreve at dei skal gå av.

Foto: Alf-Jørgen Tyssing / NRK

Frustrert ferjeselskap

Ferjesambandet blei innstilt medan aksjonen heldt på og seinare er det forseinkingar i ruta.

Ferjeselskapet Norled er frustrert over aksjonane.

– Dette er forbanna trasig for å vere heilt ærleg. Dei øydelegg for andre reisande, seier regionsjef Inge Andre Utåker. Norled har kontrakt med Møre og Romsdal fylkeskommune, som dei no ikkje klarer å oppfylle på grunn av stadige aksjonar.

– Eg reknar med at vi ikkje får sanksjonar av fylkeskommunen. Dette er trass alt forhold som ligg utanfor vår kontroll, seier Utåker.

Inge André Utåker

Inge André Utåker i Norled meiner aksjonistane øydelegg for andre reisande.

Foto: Even Norheim Johansen / NRK

Seksjonsleiar i fylkeskommunen, Jesper Wiig seier at det er alvorleg at dei reisande ikkje får tilbodet dei skal ha med desse aksjonane.

– Det set både reiarlaget og mannskapet i ein vanskeleg situasjon, seier Wiig.

Nordled og fylkeskommunen skal no diskutere kva tiltak dei skal sette inn for å unngå slike situasjonar.

Artikkelen er endra etter publisering for å tydeleggjere at partane har ulik oppfatning av kva som har skjedd.