Hopp til innhold

11 omkomne etter båtulukka i Vest-Sahara

Éin person er framleis sakna, medan elleve er funne omkomne etter ulukka der ein Sjøvik-trålar kolliderte med ein lokal fiskebåt.

MIDOY DAKHLA 1

Mannskapet om bord trålaren 'Midøy Dakhla 1' opplevde sitt verste mareritt då dei kolliderte med ein lokal fiskebåt i Vest-Sahara 1. mars. 11 av dei lokale fiskarane er no funne omkomne, medan éin framleis er sakna.

Det er talsmannen for Sjøvik-reiarlaget i Midsund, advokat Hugo Pedersen Matre, som har innhenta informasjonen frå marokkanske myndigheiter.

– Vi har ingen informasjon om noko sjøforklaring. Informasjonen vi har fått er at det skal bli utarbeidd ein rapport frå myndigheitene med utgangspunkta i funna ikring ulukka, seier Matre til Rbnett.no.

Ventar på rapporten

Samtalane med reiarlaget for å avklare hendingsgangen er avslutta og Sjøvik-trålaren har reist vidare på fiske. Rapporten frå marokkanske myndigheiter vil bli publisert når han er klar.

– Myndigheitene har ikkje pålagt båten noko restriksjonar, seier Matre til Rbnett.

– Umogleg å unngå

Det var på veg inn hamna i Dakhla i marokkansk-okkuperte Vest-Sahara at trålaren kolliderte med den lokale fiskebåten Taouss laurdag 1. mars. To nordmenn var på jobb på brua då hendinga skjedde. Ingen av dei 23 om bord i trålaren vart skadde.

– Kapteinen hadde 15–20 sekund på seg til å reagere. Det var derfor heilt umogleg å unngå kollisjon, sa Daniel Sjøvik, viseadministrerande direktør i reiarlaget Sjøvik, til NRK etter hendinga.

Innseglinga skjer gjennom ein trong kanal, og alle fartøy på veg inn må vente på klarsignal før dei entrar kanalen. Andre skip har då vikeplikt, forklarte Sjøvik til NRK.

– Alt gjekk som normalt heilt til ein fiskebåt dessverre plutseleg skifta kurs. Då var ulukka uunngåeleg, la han til.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL