Hopp til innhold

Solveig (11) er ekspert på sopp

I dag vart Solveig Svorkmo-Lundberg ein av dei yngste som nokon gong har bestått soppsakkunnig-eksamen.

Solveig Svorkmo-Lundberg

Solveig Svorkmo-Lundberg er på sopptur kvar dag om hausten.

Foto: privat

Solveig Svorkmo-Lundberg

Solveig Svorkmo-Lundberg har no eksamen på at ho er soppsakkunnig.

Foto: privat

Mange av soppekspertane i landet er godt vaksne og det er gjort ein jobb for å rekruttere ungdom til å kurse seg. I dag og i morgon går føre seg det eksamen i Molde, og dei som består kan smykke seg med tittelen soppsakkunnig. Det betyr at dei kan kontrollere om soppen er giftig eller ikkje.

Kan 140 sortar

11 år gamle Solveig Svorkmo-Lundberg frå Meldal i Sør-Trøndelag er ein ekte soppentusiast. No om hausten plukkar ho sopp minst ein gong kvar dag, og ho kan skilje mellom ca. 140 sortar. I dag gjekk ho opp til eksamen, saman med mamma Monica.

– Det gjekk veldig, veldig bra, seier ein godt nøgd 11-åring. På eksamen i dag fekk ho lagt fram 30 soppar som ho skulle gjere greie for. Den oppgåva bestod ho med glans.

For ung til å kontrollere

Sjølv om Solveig har papir på at ho kan det ho skal, kan ho ikkje jobbe som soppkontrollør slik som dei andre vaksne. For å utføre ein slik jobb må ein vere over 16 år.

Ho er likevel glad for at ho klarte testen og no trygt kan vite om soppen ho plukkar er giftig eller ikkje.

11-åringen likar godt å ete sopp, men synest også dei er fine å sjå på. Hennar favoritt er koboltrødspore, som er mørkeblå og ikkje etande.

– Eg kjem til å gå enda oftare på sopptur no etter eksamen, seier Solveig.

Kjekt å ha

Også mamma Monica tok eksamen i dag. Ho er utdanna biolog og er mykje ute i naturen. Ho og dottera gjekk eit 40 timars kurs i fjor, før dei melde seg opp til eksamen i år.

– Eg tok kurset mest fordi det er greitt å ha for min eigen del, men eg kjem nok til å kontrollere sopp neste år, seier Monica Svorkmo-Lundberg.

Treng fleire kontrollørar

Reidun Braaten

Reidun Braathen seier det er behov for fleire soppsakkunnige enn det vert utdanna kvart år.

Foto: Privat

Det er eit skrikande behov for fleire soppsakkunnige, meiner Reidun Braathen i Norges sopp og nyttevekstforbund. Ho håper at forbundet i desse dagar får 25 nye som består eksamen rundt om i landet.

– Dessverre er dette for få. Vi burde hatt minst det doble for å halde kurs og gjere kontrollar, seier Braathen. Målet er å hindre at folk som plukkar sopp vert forgifta fordi dei ikkje har god nok kunnskap.

Forbundet merkar ei aukande interesse for sopp og dei har fått 800 nye medlemmar berre i år.