11 år gamal gut funnen

Den 11 år gamle guten som var sakna i Fremmerholen i Ålesund er funnen i god form.

Laster kart, vennligst vent...

Siste: Guten er funnen i god form.

Dette har skjedd: Både politiet, pårørande og folk frå institusjonen der guten bur til dagleg har vore ute og leitt etter 11-åringen.

- Han gjer veldig dårleg greie for seg, har dårleg språk, sa operasjonsleiar Trygve Ødegård ved Sunnmøre politidistrikt klokka 13.20. Då var det ikkje aktuelt å setje i gang nokon organisert leiteaksjon.

Har vore borte over ein time

Guten bur på insitusjon ved Fremmerholen i Ålesund, og blei meldt sakna derifrå rundt klokka 13. Då hadde han vore borte omlag ein halv time. Ifølgje politiet har han også tidlegare stukke av, men då kome til rette igjen.

- Vi håper han går rundt i Moa-området og at folk ser han og tek kontakt, sa Ødegård laurdag ettermiddag.

Grøn t-skjorte og grå bukser

Guten har Downs syndrom, asiatisk hudfarge og kort, mørkt hår.

11-åringen hadde på seg grøn t-skjorte og grå bukser.