11 % auke i Trollheimen

Trollheimen er blant områda med størst besøksauke i hyttene til Den Norske Turistforening så langt i påska. Auken i Trollheimen er på 11 % frå i fjor. Dette er same auken som i Skarvheimen. Jotunheimen aukar mest med 27 prosent opp frå i fjor. – Dette er ikkje mindre enn ei eventyrpåske, seier generalsekretær i DNT, Dag Terje Klarp Solvang.

Trollheimshytta
Foto: Julie Maske / DNT