NRK Meny
Normal

107 år utan cupfinale

Det er i år 107 år sidan den første cupfinalen vart spelt, og Sunnmøre har aldri hatt lag med i finalen.

Henrik Hoff

Henrik Hoff, AaFK

Foto: Arne Flatin / NRK

Det er mange sunnmøringar som er optimistar med tanke på at Aalesunds Fotballklubb kan bryte ein svært gammal barriere. Over hundre år utan cupfinale stiller Sunnmøre fotballkrets i ein spesiell situasjon. Ikkje mange andre kretsar har ein like dårleg statistikk å vise til.

AaFK tilhengarar

AaFK-tilhengarar

Foto: Arne Flatin / NRK

Naboen i nord, Nordmøre og Romsdal til dømes, har hatt lag i cupfinalen fire gonger (1982, 1989, 1994 og 2005). To av gongene har MFK vunne finalen også.

Mange sunnmøringar har spelt cupfinale for andre lag, men dei beste sunnmørslaga opp gjennom åra har aldri nådd finalen. Hødd spelte semifinale i 1995 mot Rosenborg og tapte 5-0 (heime) og 2-1 (borte). I 2002 var det AaFK sin tur å spele semifinale- mot Vålerenga på Ullevål. Ein god innsats var ikkje nok, og AaFk tapte kampen 2-0.

Tårer i augene

Klubbdirektør Henrik Hoff i AaFK hugsar godt semifinalen i 2002 då han fekk tårer i augene av å sjå dei oransje farge hovudstaden. Han seier at den neste opplevinga klubben ønskjer å gi det fotballinteresserte publikum er nettopp ein cupfinalefest i november i Oslo.

Onsdag kveld spelar AaFK heimekamp i 3.runde mot 1.divisjonslaget Stavanger. Det bør normalt vere ein overkomeleg motstandar for Kjetil Rekdal sitt mannskap. Dermed er det 4.runde i juli, og der skal kampane trekkast. Om AaFK får heime eller bortekamp då er heilt avhengig av motstandaren.

Håper på Brann

Bjørn Oskar Haukeberg

Bjørn Oskar Haukeberg, Sunnmøre fotballkrets

Foto: Arne Flatin / NRK

Dagleg leiar i Sunnmøre fotballkrets, Bjørn Oskar Haukeberg, håper også at AaFK kan ta steget fullt ut til ein cupfinale, gjerne allereie i år. Han håper i så fall at motstandar i finalen vert eit vestlandslag og helst Brann.

- Det vil vere den ultimate opplevinga med tanke på ein cupfinale, trur han. Haukeberg har også sansen for det Molde har fått til tidlegare, og det viser at det er muleg å få til noko også for AaFK.

Helge Skuseth

Helge Skuseth, Sunnmørsposten

Foto: Arne Flatin / NRK

Sportsjournalist i Sunnmørsposten, Helge Skuseth, ønskjer også at AaFK no kan nå heilt til finalen, men enkelt vert det ikkje. Alt er avhengig av trekninga frå 4.runde, seier han. I verste fall ventar RBK på Lerkendal i neste runde, og då vert det vanskeleg. Og i ein semifinale får som regel lag som Brann og Rosenborg heimebane nesten uansett, seier han.

Finnmark, Sunnmøre og Agder

Skuseth er sjølv seriemeister med Start og har 16 A-landskampar, men cupsuksess vart det heller ikkje for sørlandsklubben. Ved sida av Finnmark, Hedmark og Sunnmøre er Agder ein av få fotballkretsar i landet som aldri har hatt eit lag i cupfinalen nokon gong.

Video nsps_upload_2009_6_18_8_33_50_1408.jpg