106 kilomter i timen i 60-sone
Ein 16-åring på lettmotorsykkel blei fråtatt førarkortet i ein kontroll i Ålesund natt til torsdag etter å ha køyrt i 106 kilometer i timen i ei 60-sone.
I ein UP-kontoll i Åsbygda i Vestnes blei det og beslaglagt to førarkort.
Totalt i desse to kontrollane, samt ein i Elnesvågen i Hustadvika, blei det skrive ut 33 forenkla førelegg.