Det er førebels uklart kor store mengder kjøt som er borte, men i følge Kristen Ringdal veit dei at det truleg er snakk om rundt eit tonn med indrefilet, ytrefilet og anna biffkjøt som er borte.
Kjøtet er verd rundt 130 000 kroner. Assisterande direktør Ole A. Ringdal seier tjuveriet tyder på at tjuvane visste kva dei var ute etter.
Vurderer alarm
Tjuvane har altså vore sikre på kva dei skulle ta med seg om lag eitt tonn kjøt av beste sort forsvann. Slakteriet har ikkje alarm eller overvakingskamera, men Ringdal seier dei no vurderer å investere i slikt utstyr. Og sjølv om varene var forsikra, er det surt å miste kjøt i dette omfanget.
Hellesylt er ei lita bygd, og det går berre ein veg inn og ut av sentrum. Difor er håpet no at folk kan ha sett noko.- Politiet vil gjerne ha melding om alle bilar som har køyrt til eller frå sentrum i løpet av natta.