100.000 i reisestipend

For første gong har Møre og Romsdal fylkeskommune delt ut reisestipend til profesjonelle kunstnarar. Stipendet skal bidra til kunstnarleg utvikling og det er delt ut 100.000 kroner til fire kunstnarar. Karin Augusta Nogva frå Ålesund fekk det største stipendet, på 45.000 kr, for ei studiereise til Japan. I tillegg har Elida Brenna Linge frå Valldal, Bjørn Vatne frå Ålesund og Runar Tafjord frå Ålesund fått stipend.