Hopp til innhold

100 år og turistvert i over 50

Hjørun Runde fyller 100 år 6.mai. I over 50 av desse har ho opna heimen sin for utanlandske turistar på fugleøya Runde. På det meste har ho hatt 16 gjester på same tid.

Hjørun Runde fyller 100 år.

Hjørun Runde saman med hunden, Sella. Hennar beste venn, og som elskar å få kjeks med matmor. Foto/redigering: Arne Flatin.

Mot slutten av 50-talet tok ho mot turistar for første gong. Slik sett er ho ein av pionerane i turismen på Runde. Eit par tyske systrer har vore hos henne år etter år, og dei kjem i år også, fortel Hjørun. Dei har også lært seg ein del norsk, så dei gjer seg forstått, seier ho.

Hjørun Runde

Hjørun i stova heime.

Foto: Arne Flatin / NRK

- Men eg sa dei ikkje måtte kome no i mai når det er så mykje slekt på besøk, men i august er dei hjarteleg velkomne tilbake.

Og grunnen til at slekta er på besøk no er at Hjørun feirar 100 år, det skjer på Runde tysdag 6.mai med stor fest for den friske og spreke dama som kom til Runde frå Sortland.

Ein av dei første som besøkte henne var den norske naturjournalisten og fotografen Sverre M. Fjeldstad, kjend frå mange program på NRK. I følgje Hjørun har Fjeldstad bidrege til å gjere fugleøya kjend langt utanfor dei norske grensene.

Huset til Hjørun Runde

Huset til Hjørun på Runde.

Foto: Arne Flatin / NRK

Mange meinte at Hjørun måtte lære seg tysk når ho skulle ta i mot alle turistane, men det ville ho så absolutt ikkje.

- Nei, dei fekk heller lære seg litt norsk, slik at det gjorde seg forstått, og slik vart det, seier ho.

På det meste hadde ho 16 gjester i roma på loftet og då måtte alt takast i bruk. Mannen hennar var fiskar så han sørga for at det alltid var nok fisk på bordet, og turistane har alltid vore frykteleg glade i fisk, fortel Hjørun.

Sprek 100-åring

Ho er svært sprek til å vere 100 år, Hjørun Runde. Og forklaringa på dette er tosidig.

- Eg har alltid hatt eit godt humør. I tillegg har eg ete mykje feit fisk, fortel ho.

Hjørun har aldri "lagt ein dag til sengs", som ho seier!

Så då er oppskrifta kjend for dei som ønskjer eit langt og rikt liv !

Like etter brua bur Hjørun Runde opp til venstre på bakkekammen.

Runde. Like etter brua bur Hjørun Runde.

Foto: Arne Flatin / NRK