10.000 til Ørsta/Volda Pride
Høgskuleleiinga i Volda har gjeve eit tilskot på kr 10.000 til Ørsta/Volda Pride sitt arrangement 10 til 13. mai 2018. Høgskulen meiner dette kan bli eit tiltak som gjer Volda endå betre som studiestad. Dei oppmodar Ørsta/Volda Pride til å bruke pengane på eit akademisk arrangement. Pride i Ørsta/Volda og har skapt mykje debatt. Hans Reite, som er pastor i kyrkjelyden Nytt Livs Senter i Ørsta, tek han skarp avstand frå planane om ein pride-parade i Volda i mai 2018.