Hopp til innhold

10. 000 kroner rikare etter avslutta bachelorgrad

Tre studentar frå NTNU i Ålesund vann pris for beste bacheloroppgåve med oppgåva «Automatiseringsteknikk USV – Unmanned Surface Vessels».

Diplom for beste bacheloroppgåve
Foto: NFA

Det er heilt fantastisk, det gir oss noko meir enn ein bokstav på eit vitnemål. Det er noko å vise igjen etter tre år, tre år med utruleg mykje læring og gode opplevingar.

Det fortel Liavaag, som for tida jobbar med ferdigstilling og kvalitetssikring av skip ved Kleven Verft A/S. No i februar vann dei tre kompisane Albert Havnegjerde, Vegard Kamsvåg og Sveinung Liavaag frå NTNU Ålesund Norsk Forening for Automatisering (NFA) sin pris for beste bacheloroppgåve 2016.

– Det kom som ein stor overrasking over nyttår. Vi hadde nesten fortrengt heile oppgåva, men så kom den opp att i eit så positivt forteikn. Det er veldig stort for oss, og det gir stor motivasjon for vidare, forhåpentlegvis godt arbeid, seier Liavaag.

Lavkostnads ubemanna fartøy

– Målet med oppgåva var å greie ut eit konsept for eit lavkost ubemanna fartøy med diverse funksjonar, og deretter lage ei prototype som testar desse funksjonane. Eit stort poeng for oss var å bruke så rimeleg utstyr som råd, for å sjekke ut potensialet, fortel Liavaag.

Gruppa hadde lyst til å bruke mest mogleg av det dei hadde lært gjennom dei tre åra på tvers av fag, og det var også viktig for dei å lage noko praktisk. Dei håpar no på at oppgåva har lagt eit godt grunnlag for vidare utvikling av ubemanna fartøy.

– Automatisering av skip er eit spennande tema, og eg har stor tru på at vi får sjå meir av det i framtida, seier Liavaag.

Handla ikkje om pengane

– Det handla ikkje så mykje om pengane, men at nokon verkeleg likte oppgåva vår og det vi styrte med eit halvt år. Det inspirera til vidare arbeide og vidare utdanning

Juryenen begrunna avgjerdsla med at oppgåva omhandlar eit svært relevant tema. Oppgåva er velskreva og drøftar både teori og anvendelse på ein lettlest måte.

Diplom for beste bacheloroppgåve

Juryleder Rune Volden delar ut prisen til NTNU-studentane Sveinung Liavaag og Albert Havnegjerde.

Foto: NFA

Framtidsretta

– Eg har trua på at fleire og fleire skip i framtida vil bli ubemanna. Når eg tenkjer på at vi var tre studentar som brukte eit halvt år på å lage denne prototypen, kan eg berre førestille meg kva dei store kreftene i verda kan gjere over tid.

Liavaag er overbevist om at fleire og fleire jobbar vert automatiserte, og at utviklinga går i den retninga.

– Eg er heilt sikker på at det skjer, men usikker på kva tid. Oppgåva er ein del av denne bevegelsen.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL