Hopp til innhold

Trampolinen flaug over garasjetaket med to 10-åringar i

Trampolinen med to jenter på, letta i vinden og landa 50 meter unna. – Dei har hatt englevakt, seier pappa Kjetil Johannessen.

Trampolineulykke på Sunndalsøra

To tiåringar fekk alvorlege brotskadar då trampolinen på Sunndalsøra letta i vinden og flaug.

Foto: privat

Trampolineleiken i hagen på Sunndalsøra søndag enda dramatisk.

Dei to venninnene Carina og Mali var ute og hoppa då eit vindkast tok med seg trampolinen. Foreldra såg ikkje kva som skjedde, men meiner at trampolinen først må ha letta rett opp i lufta og floge over garasjetaket.

Kjetil Johannesen er far til Carina og gjekk ut då veslesøstera hennar på 4 år skreik.

– Trampolinen var berre borte. Eg la på sprang for å finne jentene medan eg ropte, seier Johannessen. Trampolinen låg på vegen 50 meter unna og ein nabo styrta til staden for å sikre at den ikkje flaug vidare i vinden.

Det var Aura avis som først fortalde historia.

Store skader

Kjetil Johannessen utanfor St.Olavs hospital

Kjetil Johannessen har vore på St. Olavs hospital med dottera sidan ho blei flogen dit søndag i ambulansehelikopter.

Foto: Linda Nysveen

Inni trampolinen låg dei to venninnene. Først var dei stille, men pappa pusta letta ut då jentene begynte å grine.

– Du tenker jo det verste når du ser kor langt trampolinen har reist og ungane berre ligg der, seier Johannessen.

Han hoppa inn i nettet og fekk roa dei ned til ambulansen kom. Carina og Mali blei sendt vidare i ambulansehelikopter til sjukehus i Trondheim og Oslo med omfattande skader.

Hadde sendt ut farevarsel

Geir Ottar Fagerli

Meteorolog Geir Ottar Fagerli seier at Sunndalsøra er ein spesiell plass vêrmessig, der det kan kome sterke fallvindar.

Det var meldt fare for kraftige vindkast på Nordmøre og Trøndelag søndag. Meteorolog Geir Ottar Fagerli ved vêrvarsling på Vestlandet er litt overraska over det som skjedde. Tidleg på dag var det lite vind, men på søndag ettermiddag var det vindkast på 22 m/s på deira målingar.

– Det var ein vindsituasjon som kom brått på, seier Fagerli.

Han seier at Sunndalsøra er ein spesiell plass med bratte fjellsider, der ein har sett kraftige fallvindar tidlegare. Sjølv om trampolinen var godt sikra, kan rykket frå vindstille til sterke vindkast vere sterkt nok til å flytte gjenstandar.

– Det er difor vi ber folk om å sikre trampoline godt når vi sender ut farevarsel om vindkast. Trampolinane er utsett, seier meteorologen.

Låg i respirator

Carina blei kopla frå respirator i dag. Ho har brotskadar i nakke, rygg, bekken, ankel og olboge. Foreldra har fått beskjed om at det er gode utsikter for at ho ikkje får alvorlege varige men etter ulykka. Mali har blant anna fire brot i bekkenet og må trenast opp att etter ulukka.

– Jentene har hatt englevakt, seier Johannessen Han forstår ikkje korleis trampolinen berre kunne flyge på denne måten. Den var sikra med fire stroppar som var festa i anker som går ein halvmeter ned i jorda.

Familien har bestemt seg for at dei ikkje kjøper ny trampoline med det første.