Hopp til innhold

10 år sidan Aalesund rykka opp

Det er 10 år sidan Aalesunds Fotballklubb rykka opp i Eliteserien for første gang. NRK tok med to av veteranane frå 2002-laget dit det heile byrja: Kråmyra stadion.

Det er 10 år sidan Aalesunds Fotballklubb rykka opp i Eliteserien for første gang. Klubben har utviklga seg mykje på denne tida. NRK tok med eit par veteranane frå 2002-laget dit det heile byrja - på Kråmyra stadion.From InfoDispatcher.SingleFileImporter

27. oktober 2002 er dagen då Aalesunds FK rykka opp til Tippeligaen. NRK tok med seg Herman Ekeberg og Amund Skiri tilbake til Kråmyra, dagen før 10-årsdagen.

(Sjå fleire historiske augneblinkar nedst i saka)

Kråmyra Stadion, stappfull og forventningsfull. 27. oktober er det 10 år sidan jubelen endeleg kunne sleppast laus.

Aalesunds FK blei klare for Eliteserien i fotball.

Tilbake på Kråmyra i 2012 er det lite som minner om fotballstadion, men det var her både Herman Ekeberg og Amund Skiri skreiv fotballhistorie i 2002.

– Det var slik at vi etter kvart forstod kvar bana var dårleg, fortel Skiri om det då røffe grasunderlaget på Kråmyra Stadion.

– «Der må vi kælke ballen», «der må vi spele sikkert», mimrar ein blid Skiri.

AaFK opprykk 2002

Jubelscener frå Kråmyra Stadion, 27. oktober 2002.

Foto: NRK

– Avgjorde med 5-1-scoringa

Det var i siste serierunde, i 1. divisjon 2002, at AaFK avgjorde.

Motstandar var Sandefjord. Før serierunden låg AaFK på 2. plass med 61 poeng, Sandefjord på 3. plass med 60 poeng. Dei to øvste laga rykka direkte opp.

Spenninga var enorm på Kråmyra, men etter 33. minutt kom den første scoringa. 1–0 ved Frode Fagermo, så 2–0 ved Tor Hogne Aarøy. 3–0 Fagermo, 4–0 Eirik Hoseth.

Minna sit framleis i for Skiri og Herman Ekeberg.

– Eirik såg meg, la ut hit, og så var det vel DER! Opp i bøyla. Eg avgjorde vel kampen med 5-1-scoringa mi, seier Ekeberg medan han viser målet frå 2002.

Saka held fram under bildet.

Ekeberg og Skiri, tilbake på Kråmyra

Herman Ekeberg (t.h.) og Amund Skiri, tilbake på Kråmyra Stadion 10 år etter opprykket.

Foto: Arne Flatin / NRK

Betre enn alt, til og med cupgull

Jubelscenene var fantastiske på Kråmyra, oktoberdagen i 2002. Skiri fortel at heile opprykkssesongen har blitt prata mykje om.

– Eg har prat både med Tor Hogne og Trond Fredriksen, som var viktige spelarar på den tida. Den hausten med AaFK i 2002 ...

– Eg samanliknar med både cupfinaletriumfar og anna med AaFK. Men den hausten er den kjekkaste tida eg hatt som fotballspelar i karrieren min, nikkar Skiri.

Kråmyra Stadion 2012

Slik ser Kråmyra Stadion ut i 2012, 10 år etter opprykket til Eliteserien.

Foto: Arne Flatin / NRK

– Skal vere eit stabilt topplag

Høgdepunkta har blitt mange sidan 2002. Fleire opprykk, før AaFK endeleg blei eit stabilt Tippeligalag i 2007.

Opninga av Color Line Stadion i 2005, men ikkje minst to cupgull på Ullevål (2009 og 2011) og europacupfotball.

No ser Ekeberg og Skiri framover.

– Eg likar å sjå litt framover. AaFK er inne i nokre viktige år, der «ny-heitas» interesse er borte. Kanskje det stiller større krav til det AaFK skal prestere, trur Skiri.

– Det er no det AaFK må vise at dei skal vere eit stabilt topplag framover, avsluttar AaFK-veteranen.

Sjå historiske augneblinkar for AaFK dei siste 10 åra:

27. oktober 2002 blei opprykket sikra:

Sjå ekstasen på Kråmyra då AaFK slo Sandefjord og rykkte opp til Tippeligaen.

Den 27. oktober 2002 rykkjer Aalesunds FK opp til Tippeligaen for første gang.

I 2008 blei Kjetil Rekdal tilsett som trenar:

Kjetil Rekdal presenteres som AaFKs nye trener 4. september 2008.

Her blir Kjetil Rekdal presentert som ny AaFK-trenar 4. september 2008. Med «Reka» i styringa har AaFK vunne to cupgull og spelt storkampar i Europa.

I 2009 vann AaFK NM for første gong:

Se fotballfesten etter AaFKs seier over Molde i cupfinalen 2009.

Fylkesnabo og rival Molde var motstandar i cupfinalen 2009. Det blei ein batalje av dei sjeldne, men til slutt gjekk dei oransje sigrande ut.

I 2011 tok Aalesund cupgull nummer to:

Se fotballfesten da AaFK vant cupfinalen i 2011.

I 2011 vann AaFK sitt andre cupgull på tre år. Denne gangen var det Brann som blei slått med resultatet 2–1.

Kva er ditt beste minne med Aalesunds FK? Skriv meininga di i kommentarfeltet under.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL